Marie Marguerite Bihéron () var ein fransk anatom som var kjend i samtida for dei medisinske illustrasjonane og voksmodellane sine.
Bihéron var fødd i Paris som dotter av ein apotekar.Londa L. Schiebinger (1991), The Mind Has No Sex? Women in the Origins of Modern Science, s. 27-30. Ho studerte illustrasjon ved Jardin du RoiAndrew Cunningham, The Anatomist Anatomis'd: An Experimental Discipline in Enlightenment Europe, Ashgate Publishing, 2010 og under Madeleine Basseporte, som ein veit lite om bortsett frå dei anatomiske teikningane hennar og memoara til samtidige.
For å få tak i lik til dei anatomiske studia sine var Bihéron nøydd til å få dei stolne frå militæret.Louis Prudhomme, 1830-talet, sitert av Schiebinger, s.28. Den raske nedbrytinga deira frustrerte henne,Autumn Stanley, Mothers and Daughters of Invention: Notes for Revised History of Technology, Rutgers University Press, 1995. og etter forslag frå Basseporte utvikla Bihéron evnene sine til å laga anatomiske voksmodellar. Ho blei etterkvart ein leiande utøvar av denne kunsten. Den kjende legen Villoisin og den lærde Jussieu var imponerte, og begge gav verket hennar god omtale. I 1759 bad Jean Morand henne om å presentera arbeidet sitt ved Academie Royale des Sciences. Ho blei invitert igjen i 1770, då ho demonstrerte ein nyskapande, særs detaljert og livaktig modell av ei svanger kvinne, med avtakbare delar og foster. I 1771 hadde ho ein presentasjon for Academie Royale for tredje gong, denne gongen med den svenske kronprinsen Gustav (seinare Gustav III) til stades.June K. Burton (2007), Napoleon and the Woman Question: Discourses of the Other Sex in French Education, Medicine, and Medical Law, 1799-1815, Texas Tech University Press (2007), s. 81-82. Det franske vitskapsakademiet gav ikkje støtte til kvinner, så Bihéron var nøydd til å tena pengar privat, gjennom å stilla ut og selja modellane sine, og ved å undervisa.
Modellane hennar blei internasjonalt kjende, både fordi dei var svært anatomisk nøyaktige og livaktige, og fordi ho skal ha hatt ein metode å laga voksmodellar på som gjorde at dei ikkje smelta. Kongen av Danmark og keisar Katarina II av Russland var blant kundane hennar; sistnemnde kjøpte eit komplett sett av anatomiske modellar. I 1761 heldt ho ei utstilling i heimen sin i Vieille Estrapade nær Rue des Poules.
Bihéron måtte flytta til England for å undervisa, ettersom kvinner ikkje hadde lov til å undervisa i anatomi i Frankrike. Nokre av studentane hennar var John Hunter, ein skotsk lege som gjorde store framsteg innan kirurgi. Dei anatomiske leksjonane han fekk frå Bihéron var kritisk viktige for studia hans, og nokre av illustrasjona i boka hans var truleg av Bihéron. Diderot skal også ha vore ein av anatomistudentane hennar.
Sjå òg Anna Morandi Manzolini
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marie Marguerite Bihéron» frå , den 6. november 2019.
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Marie Marguerite Bihéron» frå , den 6. november 2019. oppgav desse kjeldene:
G. Boulinier (2001), "A Female Anatomist of the Enlightenment: Marie Marguerite Biheron" June K. Burton (2007), Napoleon and the Woman Question: Discourses of the Other Sex in French Education, Medicine, and Medical Law, 1799-1815, Texas Tech University Press (2007) Paul Dorveaux (1901-1902), Les femmes médecins. Notes sur Mademoiselle Biheron Catherine M. C. Haines (2001), International Women in Science: A Biographical Dictionary to 1950 Marilyn Ogilvie and Joy Harvey, red., The Biographical Dictionary of Women in Science: Pioneering Lives from Ancient Times to the Mid-20th Century, New York: Routledge (2000) Jean-Pierre Poirier (2002), Histoire des femmes de science en France Londa L. Schiebinger (1989), The Mind Has No Sex? Women in the Origins of Modern Science, Cambridge, MA: Harvard University Press Laura Lynn Windsor (2002), Women in Medicine: An Encyclopedia, s. 27
Kategori:Franske anatomar Kategori:Franske forskarar Kategori:Franske illustratørar Kategori:Forskarar på 1700-talet Kategori:Kvinner på 1700-talet Kategori:Franske bilethoggarar