Olga Nawoja Tokarczuk () er ein polsk forfattar og psykolog. Ho bur i Wrocław (2019), og underviser ved universiteta i Opole og Kraków.

I 2018 vart ho tildelt den britiske litteraturprisen Man Booker International. I 2019 mottok ho Nobelprisen i litteratur for 2018.

Biografi Olga Tokarczuk vart fødd i Sulechów nær Zielona Góra i Nederschlesien vest i Polen. Tokarczuk studerte psykologi ved Universitetet i Warszawa. Etter avslutta studium i 1985, flytta ho saman med sin dåverande mann til ein liten by i nærleiken av Wrocław. Tokarczuk spesialiserte seg i klinisk psykologi og arbeidde i nokre år òg med narkomane og alkoholikarar.

Sidan 1998 har ho budd i den vesle landsbyen Krajanów ved Nowa Ruda. Frå heimstaden dreiv ho i fleire år eit eige forlag, Ruta.

Tokarczuk debuterte som poet og har seinare skrive noveller, romanar og essay. Ho vert sett på som ein av dei mest kritikarroste polske prosaistane av sin generasjon. Romanen Gammeltida och andra tider (1996; svensk oms. 2006) er rekna som hennar kommersielle og kunstnariske gjennombrot. Verka er omsette til mange språk, blant anna engelsk, tysk, litauisk, kroatisk, fransk, spansk, svensk og dansk. To av romanane er omsette til norsk.

Bibliografi

Omsetjingar og gjendiktingar til norsk

E.E. (originaltittel: E.E., 1995) omsett av Anne Walseng, Cappelen Damm, 2001 ISBN 8202185262 Løperne (originaltittel: Bieguni, 2007) omsett av Aldona Szczepánska, Den grøne malen, 2012 ISBN 9788293096023 Før plogen din over de dødes knokler (originaltittel: Prowadź swój pług przez kości umarłych, 2009) omsett av Julia Wiedlocha, Gyldendal, 2019 ISBN 9788205520714

Polsk

1989: Miasto w lustrach ('Byen i speil'), diktsamling 1993: Podróż ludzi Księgje 1995: E.E. 1996: Prawiek i inne czasy (Svensk tittel:'Gammeltida och andra tider') 1997: Szafa 1998: Dom dzienny, dom nocny (svensk tittel Daghus, natthus) 2000: Opowieści wigilijne, saman med Jerzym Pilchem og Andrzej Stasiuk 2001: Lalka i perła 2001: Gra na wielu bębenkach (svensk tittel Spel på många små trummor) 2004: Ostatnie historie 2006: Annan In w grobowcach świata 2007: Bieguni 2009: Prowadź swój pług przez kości umarłych 2012: Moment niedźwiedzia ('bjørnen sin augenblink') 2014: Księgi Jakubowe albo Wielka podróż przez siedem granic, pięć języków i trzy duże religie, nie licząc tych małych : opowiadana przez zmarłych, a przez autorkę dopełniona metodą koniektury, z wielu rozmaitych ksiąg zaczerpnięta, a także wspomożona imaginacją, która to jest największym naturalnym darem człowieka : mądrym dla memoryału, kompatriotom dla refleksji, laikom dla nauki, melancholikom zaś dla rozrywki. ('Jakobsbøkane') 2017: Zgubiona dusza 2018: Opowiadania bizarne ('bisarre forteljingar') 2018: Profesor Andrews w Warszawie. Wysp

Filmmanus Utover romanar, dikt og noveller har Tokarczuk vore manusforfattar for tre filmprosjekt. Første gong var for filmen Żurek ('Surdeigssuppe') med regissøren Ryszard Brylski i 2003 (basert på hennar forteljing med same namn). Med Agnieszka Smoczyńska og Robert Bolesto skreiv ho i 2007 manuset til kortfilmen Aria Diva, basert på novella Ariadna na Naksos frå Tokarczuks novellesamling Gra na wielu bębenkach ('Spill på mange trommer'). I 2017 bidrog ho som manusforfattar til filmen Pokot, regissert av Agnieszka Holland og basert på Før plogen din over de dødes knokler (2009; i norsk omsetjing 2019). Filmen vann Sølvbjørnen og vart nominert til Gullbjørnen ved Filmfestivalen i Berlin 2017.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olga Tokarczuk» frå , den 11. oktober 2019.

Kategori:Polske forfattarar Kategori:Polske nobelprisvinnarar