Jo Strømgren () i Trondheim) er ein norsk dansar og koreograf frå Trondheim.

Strømgren studerte ved Statens Balletthøgskole og vart uteksaminert i 1993. Strømgren var tilknytt ensemblet Carte Blanche 1996/97, og danna Jo Strømgren Kompani i 1998 med Agnes Kroepelien. Kompaniet har sidan turnert i over 35 land verda over. Strømgren er koreograf og kunstnarisk leiar for kompaniet.

Utvalde produksjonar

A Dance Tribute to the Art of Football Maskuline mysterier Bindingsverk 10 år etter Et guttehjem Gorri-gorri The Arrival There The Pianist Welcome to the Faroe Islands Tok Pisin The Department The Hospital The Convent

Verka Bindingsverk og 10 år etter gjorde Strømgren fortent til Heddaprisen i open klasse i 1999. I 2001 fekk kompaniet til Strømgren også Heddaprisen i klassen Beste oppsetning for There.

Kjelder Store Norske Leksikon -- Jo Strømgren Jo Strømgren Kompani Store Norske Leksikon om Strømgren.

Kategori:Norske koreografar Kategori:Norske dansarar Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Vinnarar av Heddaprisen Kategori:Norske ballettdansarar