Just Roll Tape: 26. april 1968 er eit demoalbum av Stephen Stills gjeve ut i 2007. Songane vart spelte inn under ei innspeling for Judy Collins i New York i 1968, då ho var ferdig med innspelinga si og hadde studiotid til overs. Stills betalte lydteknikaren sjølv for å la han spele inn ei plate med demoar. Men Stills gløymde lydbandet i studio og rekna med dei var gått tapt.

Då studio skulle leggast ned i 1978 vart musikaren Joe Colasurdo, som øvde der, fortalt av eigaren at han kunne ta alle lydbanda han ønskte før dei rydda ut av studioet. Etter å ha sett namnet til Stills på fleire boksar, tok Colasurdo vare på dei. Det tok Colasurdo 25 år å få lydbanda trygt attende til Stills. I 2003 fekk han kontakt med Graham Nash etter å ha møtt ein nær ven av Nash, Dan Curland som eigde Mystic Disc Record Store. Nash tok i mot lydbanda, gav dei vidare til Stills og oppfordra han til å gje dei ut.

Stills er den einaste musikaren på albumet. Han syng alle songane og speler akustisk gitar og dobro. «Treetop Flyer» er ikkje frå 1968-innspelingane.

Merk at datoen 26. april 1968 som står i albumtittelen ikkje er korrekt, sidan Stills då spelte med Buffalo Springfield i Arizona State Fairgrounds i Phoenix.Liner notes to the Buffalo Springfield box set, Atco/Rhino Records, catalog no. R2 74324, gjeve ut 2001.

Innhald

Medverkande Stephen Stills - vokal, gitar, Dobro, produsent

Teknisk John Haeny - lydteknikar Joe Vitale jr. - digital lydteknikar & miksing Joe Vitale - miksing på spor 13 John Hanlon - miksing og digital lydteknikar spor 13 Steven Rhodes - assisterande lydteknikar John Nowland - digital overføring James Austin & Robin Hurley - oversyn Marc Salata - produksjonmanager Graham Nash - bilete Joe Halbardier & Steve Woolard - prosjektassistanse Elliot Roberts - leiar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Just Roll Tape» frå , den 25. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2007 Kategori:Stephen Stills-album Kategori:Rhino Records-album