Bonnie Hayes er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, musikar og plateprodusent frå San Francisco i California. Songane hennar er blitt spelte av Cher, Bette Midler, Bonnie Raitt, Natalie Cole, Robert Cray, David Crosby, Adam Ant og Booker T and the MGs.

Tidleg i 1980-åra skipa Hayes new wave-bandet The Punts og gav ut singelen «Shelly's Boyfriend». I 1982 fekk bandet kontrakt med Slash Records og endra namn til Bonnie Hayes with the Wild Combo». Seinare vart ho medlem av bandet til Belinda Carlisle og sidan bandet til Billy Idol.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bonnie Hayes» frå , den 24. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff [ Allmusic] Offisiell nettstad

Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:Musikarar frå San Francisco Bay Area