mini|Alleluia av Thomas Cooper Gotch
Halleluja er ein språkleg interjeksjon. Opphavet er hebraisk () – av (‘lovpris’) og (Jah) – altså «lovpris Jah». «Jah» heng saman med, og blir ofte oppfatta som ein stuttversjon, av namnet på den jødisk-kristne guden JHVH. Det blir m.a. brukt som eit religiøst lada gledesrop av både jødar og kristne.
I Den katolske kyrkja
I Den katolske kyrkja blir ordet brukt i samband med lesinga av Evangeliet under Ordet si liturgi, ved at lesinga startar med eit trefaldig halleluja og eit hallelujavers. I fastetida bruker ein ikkje ordet halleluja, då det er eit gledesrop som ikkje passar for denne tida. Ved påskevigilien tar ein igjen i bruk utropet, ofte på ein spesielt høgtideleg måte. Bakgrunnen for denne bruken av Halleuja er den tidlege kristne gudstenesta, sml. Op 19,1. 3-4. 6.
Annan bruk Alleluia-sekvensar var mykje nytta i gregoriansk song. Halleluja-koret frå Händel sitt oratorium Messias er ei særs kjend bruk av ordet. «Hallelujah» er namnet på ein song av Leonard Cohen.
Kategori:Kristendom Kategori:Jødedom Kategori:Liturgi Kategori:Kristen liturgi Kategori:Lovord Kategori:Bibelske ord og uttrykk Kategori:Interjeksjonar Kategori:Hebraiske ord og uttrykk