«Someday Baby» er ein song av Bob Dylan frå det 32. studioalbumet hans, Modern Times, spelt inn i februar 2006. Dylan vann Grammyprisen for beste rockesong med denne songen.

Songen nådde 98. plassen på Billboard Pop 100-lista,References for chart positions: og var mykje med i ein iPod- og iTunes-reklame som kom kring tida då Modern Times kom ut tidleg i september 2006.

Songen er basert på «Trouble No More», ein folk/bluessong skriven av Muddy Waters og gjort populær av Allman Brothers Band, som igjen var basert på «Someday Baby Blues» av Sleepy John Estes og gjort populær av Big Maceo som «Worried Life Blues».

Ein altenativ versjon av songen, frå den same innspelinga, i eit meir langsamt tempo og anna arrangement og tekst, kom ut i 2008 på Dylan-samlinga The Bootleg Series Vol. 8 – Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006. Denne versjonen av songen hamna på 37. plassen på lista til Rolling Stone over dei hundre beste songane i 2008.

Ei forkorta utgåve av albumsporet kom ut på ein promo-singel.

Salslister Liste (2006)PlasseringsU.S. Billboard Pop 10098

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Someday Baby» frå , den 18. desember 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar frå 2006 Kategori:Songar produserte av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-singlar