Andrzej Gmitruk () var ein polsk boksetrenar og boksepromotor. Biografi Gmitruk byrja som juniortrenar i 1975. To år seinare tek han over bokseklubben Legia Warszawa som vann det polske lagmeisterskapet i boksing fem gonger. Han trena to av bronsemedaljevinnarane i OL 1980 i Moskva, Kazimierz Szczerba og Krzysztof Kosedowski. I 1981 og 1983 vart Gmitruk kåra til årets boksetrenar av avisa BOKS. I 1983 overtok han som trenar for det polske landslaget. Under ALTE i 1988 i Seoul vann fire av bokserne han trena bronsemedaljar: Andrzej Gołota, Henryk Petrich, Jan Dydak og Janusz Zarenkiewicz. I åra 1988–1998 jobba han i Noreg som boksetrenar og sportssjef i Norges Bokseforbund. Han trena Ole Klemetsen til OL i 1992 og Jørn Johnson til OL i 1996. Etter 1998 var Gmitruk trenar og promotor for profesjonelle boksarar. 2012–2018 var han ekspertkommentator for boksing ved Polsat Sport.

Under valet i 2018 stilte Gmitruk som kandidat for partiet Lov og rettferd på regionalt nivå, utan å veljast inn.

Gmitruk omkom heime i Hipolitów i Masoviske voivodskap den 20. november 2018. Måndag 19. november hadde han tent eit lys på terrassen til minne om den avlidne sonen sin. Om natta byrja det å brenna ute på terrassen. Under forsøk på å slokke brannen døydde Gmitruk. Dødsårsaka var akutt sirkulasjons- og respirasjonssvikt. Andrzej Gmitruk vart 67 år gammal. Han etterlét seg kona Agnieszka og ei fem år gammal dotter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrzej Gmitruk» frå , den 30. november 2018.

Kategori:Polske idrettsfolk