mini|«Dana Viking» etter ulukka. mini|Dana Viking Gottröra-ulukka var ei flyulukke som skjedde ved Gottröra i Uppland i Sverige om morgonen 27. desember 1991, då Scandinavian Airlines Flight 751 (SK751) frå Stockholm (Arlanda) til Warszawa via København måtte naudlande. Flyet brekte i tre delar, og fleire passasjerar vart skada, men ingen omkom.
Flyet var ein McDonnell Douglas MD-81 med namnet «Dana Viking», og årsaka til ulukka var at båe motorane svikta kort tid etter avgang frå Arlanda på grunn av at is frå vengene lausna og kom inn i motorane. Flyet hadde to jetmotorar, ein på kvar side av flykroppen akterut.
Ulukka Hendinga er òg vorten kalla «mirakelet i Gottröra», ettersom ingen omkom. Rett etter avgang vart flygaren tvinga til å naudlande utanfor Gottröra etter at eit lag av is på oversida av vengene hadde lausna og kome inn i motorane. Etter eit par minutts kontrollert glideflyging landa flyet på ei lysning i eit skogholt. Flykroppen brekte i tre delar under landinga, og den eine vengen blei riven av, men det oppstod ingen brann. Alle dei 129 menneska ombord overlevde; eit mindre tal personar fekk meir eller mindre alvorlege skader. Den hardast ramma passasjeren blei rullestolbrukar for livet.Expressen, Miraklet i Gottröra rör upp känslorna efter 20 år igen , läst 110402
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Scandinavian Airlines Flight 751» frå , den 25. oktober 2018.
Bakgrunnsstoff
Aviation Safety Network - Gottröraolyckan Airliners.net - Bilete frå haveriplassen.
Kategori:Luftfartsulukker på 1900-talet Kategori:Luftfartsulukker i Sverige Kategori:Hendingar i 1991