Noreg debuterte i Eurovision Song Contest i 1960, og landet har delteke kvart år sidan, med unntak av 1970 og 2002. Noreg har vunne Eurovision Song Contest tre gongar, men samstundes komme på sisteplass i ein finale tolv gongar – meir enn noko anna land. Noreg har i tillegg fått null poeng fire gongar, berre Austerrike har like mange. Den lange rekkja med dårlege plasseringar i 1960- og 1970-åra tok brått slutt 1985, då Bobbysocks sikra den fyrste sigeren til Noreg i tevlinga med «La det swinge». Sidan følgde ein ny siger i 1995 med Secret Garden og «Nocturne», og sist i 2009 med Alexander Rybak og songen «Fairytale». Noreg har arrangert Eurovision Song Contest tre gongar: Grieghallen i Bergen i 1986, Oslo Spektrum i 1996 og Telenor Arena i 2010. Det er NRK som sender Eurovision Song Contest i Noreg, og som står bak den nasjonale songtevlinga Melodi Grand Prix. Vinnaren av Melodi Grand Prix får representere Noreg i Eurovision Song Contest.

Etter år 2000 har resultata til Noreg i Eurovision Song Contest fortsett å svinge, med tre sisteplassar, éin siger og ytterlegare tre topp fem-plasseringar. Etter innføringa av semifinalar 2004 har Noreg blitt slått ut i semifinalen tre gongar: 2007, 2011 og 2016. Sidan 2013 har Noreg sju topp ti-plasseringar; blant dei var sjetteplassen til KEiiNO og «Spirit in the Sky» i 2019. Noreg vann også telefonavrøystinga det året.

Historikk

NRK har ansvaret med å velje ut det norske bidraget, og har senderettane til Eurovision Song Contest i Noreg. Det norske bidraget vert kåra gjennom den årlege, nasjonale songtevlinga Melodi Grand Prix. Per 2022 har Noreg delteke 60 gongar i Eurovision Song Contest.

Noreg debuterte i Eurovision Song Contest i 1960, nesten eit halvt år før den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg. Landet fekk ein god start då Nora Brockstedt song Noreg inn til fjerdeplass med «Voi Voi». Dei to neste åra heldt Noreg seg på topp ti, men i 1963 kom den fyrste sisteplassen, då Anita Thallaug fekk 0 poeng med «Solhverv».

Nøkternheit og fagjuryar I 1960- og 1970-åra heldt NRK fast på sin ikkje-kommersielle innstilling til tevlinga. Fokuset skulle liggje på melodi og tekst, ikkje på show og koreografi, noko som prega dei norske finalane og songane i mange år. I 1979 gjekk NRK så langt at dei strippa heile studio for kulisser og bad artistar og musikarar stille i kvardagsklede. Poenget var å rette merksemda mot songen, ikkje all innpakninga rundt. Denne gjennomgåande haldninga, kombinert med skepsis i det norske musikkmiljøet, var truleg medverkande til at Noreg enda opp med bidrag som ikkje slo an hos dei europeiske juryane. Heller ikkje hos tv-sjåarane vart dei norske bidraga nokon slagerar, for eksempel dukka berre tre av dei norske vinnarlåtane opp på VG-lista i perioden 1961–1976.

Skiftet i 1980-åra miniatyr|Bobbysocks sørga for Noregs fyrste Eurovision-siger i 1985. Utover i 1980-årea endra NRK innstilling til tevlinga, og dei norske Eurovision-bidraga vart «lettare» og med meir koreografi. Ekspertjuryane vart også bytta ut med regionale folkejuryar frå 1982, og finalane vart sende direkte, ikkje i opptak som tidlegere. Haldningsskiftet gav resultat. I 1982 vart Noreg nummer tolv, i 1983 nummer ni, og i 1985 skjedde det som nærast hadde fått status som ein umoglegskap: Noreg vann Eurovision Song Contest med Bobbysocks og «La det swinge». Fleire gode resultat følgde etter sigeren, med ein niandeplass i 1987 og ein femteplass året etter. I åra 1989–1992 gjekk Noreg inn i ein svak periode igjen, blant anna med ein ny sisteplass i 1990.

I 1993 innleia Noreg sin beste periode i tevlinga. Silje Vige vart nummer fem i 1993, før Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen følgde opp med ein sjetteplass året etter. I 1995 vann Noreg for andre gong med Secret Garden og «Nocturne», medan Elisabeth Andreassen sikra Noreg ein andreplass på heimebane i 1996. Men rekkja av gode plasseringar fikk ein brå slutt i 1997, då Tor Endresen og songen «San Francisco» enda sist i Dublin uten poeng. miniatyr|venstre|2,3 millioner nordmenn såg Alexander Rybak vinne i 2009. Etter tusenårsskiftet har Noreg hatt varierande resultat. Tre gongar har landet enda opp på sisteplass, og i 2002 måtte Noreg for fyrste gong ufriviljug stå utanfor konkurransen. I tillegg kvalifiserte ikkje Noreg seg til finalane i 2007, 2011 og 2016. Men i same periode har Noreg også vunne tevlinga éin gong, då Alexander Rybak vann eun suveren siger med «Fairytale» i 2009. Sigeren er framleis ein av de mest overlegne gjennom historien. Norge har i tillegg fått to fjerdeplassar og ein femteplass etter 2000.

Fråvær Sidan debuten i 1960 har Noreg stått over Eurovision Song Contest ved to høve – i 1970 og i 2002. I 1970 trekte Noreg seg frå Eurovision Song Contest saman med blant andre Sverige og Finland. Bakgrunnen var at fire land hadde delt sigeren i tevlinga året før. Men ei like viktig årsak var nok den aukande norske misnøya og kritikken mot tevlinga, ei misnøye som nådde eit klimaks etter den norske finalen i Melodi Grand Prix 1969. Då Noreg valde å boikotte Eurovision Song Contest i 1970 og ikkje arrangere Melodi Grand Prix 1970, sa programdirektør i NRK Otto Nes til Aftenposten: «Det har forekommet en del misnøye med arrangementet, fordi man mener at det ikke har svart til de forventninger man stilte – nemlig at man gjennom denne melodikonkurranse i Eurovisjonen skulle høyne slagernivået i Europa».

I 2002 var ikkje Noreg kvalifisert til tevlinga, på grunn av sisteplassen året før. Dette var fyrste gongen Norge ufriviljug måtte stå over Eurovision Song Contest. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Noreg blitt slått ut i semifinalane på tre av fjorten forsøk: 2007, 2011 og 2016. Norge var direktekvalifisert til finalane i 2004, 2006 og 2010.

Ulrikke Brandstorp skulle ha representert Norge i 2020 med songen «Attention», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Dette var fyrste gongen siden byrjinga i 1956 at Eurovision Song Contest vart avlyst. «Attention» var også den andre Melodi Grand Prix-vinnaren som ikkje fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest. Den fyrste var «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» som vann Melodi Grand Prix 1968. På grunn av skuldingar om plagiat trekte låtskrivaren Kari Diesen d.y. låten, og andreplassen «Stress» representerte Noreg i staden.

Sisteplass-landet mini|Jahn Teigen fekk null poeng i 1978.|241x241pk Noreg har mildt sagt hatt varierande suksess i Eurovision Song Contest. Sidan 1960 har Noreg vunne tre gongar og komme på topp fem ytterlegere åtte gongar. Men Noreg er nok langt meir kjent for sine elleve sisteplassar – fleire enn noko anna land. Tek ein med semifinalar også, tangerer Finland denne rekorden med ni sisteplassar i ein finale og to i ein semifinale. Noreg har også enda opp utan poeng fire gongar: 1963, 1978, 1981 og 1997. Berre Austerrike har like mange gongar enda opp utan poeng.

Den fyrste sisteplassen kom allereie på det fjerde norske forsøket, i 1963. Men det er perioden 1969–1981 som er den definitivt svakaste i norsk Eurovision-historie. I denne perioden deltok Noreg tolv gongar, og fem av dei enda med sisteplass (1969, 1974, 1976, 1978 og 1981). I tillegg kom Noreg nest sist to gongar (1971 og 1975). Berre éin gong i denne perioden kom Noreg på øvre halvdel av resultatlista: I 1973, då Bendik Singers kom på sjuandeplass med «It's Just a Game».

I 1978 vart Jahn Teigen den fyrste til å få null poeng etter at poengsystemet vart endra i 1975. Jumboplasseringa skapte enorm merksemd i Noreg, men også i fleire andre land. Men sisteplassen vart ein stor suksess for Jahn Teigen, og taparlåten «Mil etter mil» er framleis ein av dei mest selte Melodi Grand Prix-vinnarane gjennom tidene i Noreg. Berre tre år seinare fekk Noreg null poeng igjen, denne gongen med Finn Kalvik og «Aldri i livet». Dei mange sisteplassane fekk britane til å spekulere på om Noreg faktisk gjekk inn for å få null poeng i tevlinga.

I 1990 kom Norge sist for sjuande gong, og i 1997 hamna Noreg på delt sisteplass, saman med Portugal, med null poeng. Dette var fjerde, og førebels siste, gongen Noreg enda utan poeng i ein Eurovision-finale. Heller ikkje dei siste åra har Noreg sloppe unna jumboplasseringane. Også i 2001, 2004, 2012 og 2024 kom Noreg sist.

Språk Dei norske bidraga har til saman vorte framført på 14 ulike språk: norsk, engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, svensk, nordsamisk og swahili. Noreg er i tillegg det landet som har nytta flest språk i éin song. «It's Just a Game» av Bendik Singers, som representerte Noreg i 1973, vart framført på tolv språk: engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, serbokroatisk, hebraisk, finsk, svensk og norsk.

Bidrag