Robert Seagren, kjend som Bob Seagren, () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Pomona i California som vart olympisk meister i stavhopp i 1968 og tok sølv i same øvinga fire år seinare.

Aktiv Seagren sette sin fyrste verdsrekord i stavhopp då han den 14. mai 1966 i Fresno i California gjekk over 5,32 meter, ein månad før han vart USA-meister for fyrste gong med 5,18 meter. Landsmannen John Pennel tok over verdsrekorden i juli 1966 med eit hopp på 5,34 m. Den 10. juni 1967 forbetra så Seagren verdsrekorden med to nye centimeter til 5,36 meter i San Diego, ein rekord som heldt seg berre få veker til dess Paul Wilson tok seg over 5,38 m. Seagren vann stavtevlinga under panamerika-leikane 1967 i Winnipeg i Canada med moderate 4,90 m.

mini|venstre|portrett|Bob Seagren i 1968

I dei amerikanske OL-uttaka 1968 i South Lake Tahoe tok Seagren tilbake verdsrekorden då han, etter å ha gått over 5,28 m som einaste utøvaren, forlangte lista opp på 5,41 meter og sette verdsrekord i første forsøk. Under den spanande OL-finalen i Mexico by i oktober var Seagren ein av tre utøvarar som klarte å gå over vinnarhøgda 5,40 meter, dei andre var Claus Schiprowski frå Vest-Tyskland og Wolfgang Nordwig frå Aust-Tyskland. Seagren vann den olympiske gullmedaljen då han var den fyrste som tok høgda.

Sesongane 1970-71 høyrde ikkje Seagren heime i verdstoppen i stav. OL-året 1972 var han derimot tilbake på nye høgder. Under eit stemne i El Paso i slutten av mai 1972 forbetra han sin eigen personlege rekord då han gjekk over 5,49 m i fyrste forsøk, før han sette verdsrekord ved å svinge seg over 5,59 m, likevel vart han ikkje betre enn nummer to i tevlinga, ettersom verdsrekordhaldaren, svensken Kjell Isaksson også klarte 5,59 m i andre forsøk og tok 5,49 i fyrste forsøk. Den 2. juli forbetra Seagren verdsrekorden til 5,63 m då han vann det US-amerikanske OL-uttaket i Eugene i delstaten Oregon. Til rekordhoppa hadde Seagren nytta ein ny stavtype kalla Cata-Pole, ein type som ikkje var godkjend under Sommar-OL 1972. I stavfinalen i München stoppa Seagren på same høgda som i Mexico-OL og vart dermed andremann, austtyske Wolfgang Nordwig sette personleg rekord og vann med 5,50 m.

Seagren la opp i 1975.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bob Seagren» frå , den 1. oktober 2018.

World Athletics

Kategori:Stavhopparar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972