Fandango! er det fjerde studioalbumet til det amerikanske bluesrockbandet ZZ Top, gjeve ut i 1975. Halvparten av songane var konsertopptak, medan resten var nye songar frå studio. Ei nymastra og utvida utgåve av albumet kom ut 28. februar 2006.
Fandango, som albumtittelen er henta frå, er ein type dans som minnar om flamenco.
Bakgrunn Seint i 1980-åra kom ei digitalt remiksa utgåve av albumet ut på CD, og ein slutta å gje ut den originale miksen frå 1975. Den remiksa versjonen skapte kontroversar blant fansen, sidan lyden på instrumenta vart signifikant endra, særleg trommene. Den remiksa versjonen vart nytta på alle tidlege CD-utgåve og var den einaste versjonen som var tilgjengeleg i over tjue år. Ei nymastra og utvida utgåve kom ut på CD 28. februar 2006 med tre konsertopptak som bonusspor. Denne utgåva nytta den originale miksen frå 1975. Albumet kom ut på ein 180 grams vinyl i 2009 med dei originale masterlydbanda.
Singlar Det vart berre gjeve ut ein singel frå albumet, «Tush». Singelen nådde 20. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100, den første singelen deira på topp 40.
Innhald
Spor 1-3 (side A av originalalbumet) var konsertopptak frå The Warehouse i New Orleans den 12. april 1974. Spor 4-9 var nye studioopptak.
Spor 10-12 (bonusspora) var konsertopptak frå The Capitol Theatre i Passaic i New Jersey, den 30. august 1980.
Medverkande Billy Gibbons – gitar, vokal Dusty Hill – bassgitar, klaverinstrument, korvokal, solovokal på «Jailhouse Rock», «Balinese» og «Tush», andre solovokal på «Backdoor Medley» og «Heard It on the X» Frank Beard – trommer, perkusjon
Produksjon Produsent – Bill Ham Lydteknikarar – Jim Reeves, John L. Venable og Norman Mershon for Record Plant Truck. Robin Brians, Terry Kane, Bob Ludwig (mastering), Terry Manning Albumkonsept – Bill Ham Design – Bill Narum Fotografi – John Dekalb
Salslister Album – Billboard (USA) ÅrListePlassering1975Pop Albums10
Singlar – Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1975«Tush»Pop Singles20
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fandango!» frå , den 30. september 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:ZZ Top-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Album produserte av Bill Ham Kategori:London Records-album