mini|Ticker-tape parade for presidentkandidaten Richard Nixon i New York i 1960 høgre|mini|Konfettiparade i New York City til ære for astronautane på Apollo 11 i august 1969 Konfettiparade (engelsk ticker-tape parade) er ei form for opptog eller parade som oppstod i USA. Paradeforma er kjenneteikna av at det vert sleppt store mengder papirbitar eller strimlar frå bygningar langs ruta, noko som gjev ein festleg, snøliknande effekt. Opphavleg brukte ein papirstrimlar til telegrafibruk - engelsk ticker tape - til slike paradar, seinare blei spesiallage konfetti meir vanleg. Konseptet oppstod i USA, der det er mest vanleg, og er særleg knytt til New York. Utanfor USA er ticker tape særleg knytt til VM i fotball 1978, som blei halden i Argentina.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ticker tape parade» frå , den 30. september 2019.
Kategori:New York City Kategori:Opptog Kategori:USA-amerikansk kultur