Tereza Montsjeva Marinova () er ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar frå Pleven som i 2000 vart olympisk meister i tresteghopp.
Aktiv Marinova vann trestegtevlinga i junior-VM 1996 med eit hopp på 14,62 m. Etter sjetteplass i verdsmeisterskapen 1997 i Aten, lukkast ho å sikre seg bronsemedaljen under europameisterskapen i Budapest året etter.
I OL-finalen i tresteg i Sydney hausten 2000 smelte Marinova til med sitt livs beste tresteghopp, eit hopp som målte 15,20 m og gav henne gullmedaljen med ein margin på 20 og 22 centimeter til dei andre medaljevinnarane. Eit halvår seinare vann Marinova tresteg også under innandørs-VM 2001 i Lisboa, målt til 14,91 m som best. På seinsommaren i 2001 vann ho bronsemedaljen då friidretts-VM fann stad i Edmonton i Canada. I sitt siste store internasjonale meisterskap, Göteborg-EM 2006, vart ho nummer seks i trestegfinalen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Nr 6 i tresteghopp – 14,34 m EM 1998 i Budapest: Bronsemedalje i tresteghopp – 14,50 m OL 2000 i Sydney: Gullmedalje i tresteghopp – 15,20 m, framom Tatjana Lebedeva (15,00 m) VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje i tresteghopp – 14,58 m EM 2006 i Göteborg: Nr 6 i tresteghopp – 14,20 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Teresa Marinowa» frå , den 24. mai 2018.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Bulgarske tresteghopparar Kategori:Bulgarske lengdehopparar Kategori:Olympiske meistrar for Bulgaria Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Bulgarske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000