Olaug Marie Løken () var ei norsk kvinnesakskvinne og kokebokforfattar frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho var gift med Hjalmar Løken og dotter til Herman Løchen.

Olaug Løken var utdanna i helsestell. Ho var ein aktiv skribent i Norske Intelligenz-Seddeler, avisa ektemaken dreiv. Sidan gav ho ut opplysnings- og agitasjonsskrift, særleg stor utbreiing fekk Madstel og Husstel for almindelige Husholdninger frå 1897, som kom i eit samla opplag på 49 000. Av andre skrift kan nemnast Hvad lærer Bibelen om Kvindens Stilling? (1885) og Barnestel. En liden Bog for unge Mødre (1903).

Kjelder Store norske leksikon

Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Inderøy