«Surfin' Bird» er ein song framført av det amerikanske surferockbandet The Trashmen og er namnet på albumet som inneheld denne hitsingelen.
Songen kom ut i 1963 og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100. Det er ein kombinasjon av to R&B-hittar av The Rivingtons: «Papa-Oom-Mow-Mow» og «The Bird's the Word».
Historie The Rivingtons fekk først ein hit i 1962 på Billboard Hot 100 med «Papa-Oom-Mow-Mow» og følgde opp med den liknande songen «The Bird's the Word» i 1963. The Trashmen hadde ikkje høyrd denne versjonen, men såg eit band kalla Sorensen Brothers spele han. Dei valde å spele songen den same kvelden på konserten sin. Under denne framføringa stoppa trommeslagaren og vokalisten Steve Wahrer å spele og improviserte midten av «Surfin' Bird». Trass i at dei ikkje visste at «The Bird's the Word» var ein Rivingtons-song, var likskapen til «Papa-Oom-Mow-Mow» tydeleg, så The Trashmen la til eit refreng på slutten av den nye songen sin.
Ein lokal DJ, Bill Diehl, var på konserten og overtydde bandet til å spele inn songen. Han vart spelt inn i Kay Bank Studios i Minneapolis. Diehl sende songen til ein lokal songkonkurranse og han vann. Han vart send vidare til ein ny songkonkurranse i Chicago, som han òg vann. Dette førte til at gruppa fekk kontrakt med Garrett Records og singelen kom rask ut. Singelen selde 30 000 eksemplar den første helga før han fekk nasjonal suksess, og nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100. Wahrer var opphavleg tilskriven som låtskrivar på songen, men det vart endra då The Rivingtons (Al Frazier, Carl White, Sonny Harris og Turner Wilson Jr.) truga The Trashmen med søksmål for plagiat.
Salslister
Vekeslister Liste (1963–64) Plassering US Billboard Hot 100 4 US Cash Box Top 100 4 Liste (2009) Plassering UK Singles Chart 50 Liste (2010) Plassering
Årslister Liste (1964)PlasseringUS Billboard Hot 10075US Cash Box Top 10062
Andre versjonar «Surfin' Bird» vart spelt av The Cramps som debutsingelen deira i 1978 på Vengeance Records. Songen kom òg ut i 1979 på albumet deira Gravest Hits . The Cramps avslutta ofte konsertane sine med songen. Paul Reubens (som Pee-wee Herman) song songen i filmen Back to the Beach. «Surfin' Bird» vart spelt av Charly Lownoise and Mental Theo på singelen «The Bird» i 1993. Orbital sampla originalen på songen «Tension» på albumet The Altogether i 2001. «Surfin' Bird» vart spelt av Ramones på albumet Rocket to Russia som kom 4. november 1977. «Surfin' Bird» vart spelt av Sodom i 2001 på albumet deira M-16. «Surfin Bird» vart spelt av Phil Streva i 1989. Han kom ut på EP-plata Catahoula i 2010. The Radioactive Chicken Heads gav ut sin versjon i juni 2017. Det brasilianske bandet Os Cascavelletes spelte inn ein portugisisk versjon av songen kalla «Pombo surfista», for 8Vórtex Demo i 1987.
I media
Full Metal Jacket I den andre halvdelen av Stanley Kubrick-filmen Full Metal Jacket frå 1987, då ein journalist intervjuar troppen under slaget ved Hue city, kan ein høyre «Surfin' Bird» som ein del av musikken til filmen.
Family Guy Songen vart nytta i episoden «I Dream of Jesus» av Family Guy der Peter Griffin høyrer songen på ein middag. Hah held fram med å plage familien sin med å spele songen nonstop i resten av episoden. Det har sidan blitt ei greie som dukkar opp no og då i showet. I ein seinare episode vrt det avslørt at Peter var den originale inspirasjonen til songen, då han brukte ein tidsmakin til å reise til fortida der han song songen for The Trashmen.
Andre Andre filmar som har nytta songen er The Big Year, animasjonsserien Birdz og filmen Ferdinand.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Surfin' Bird» frå , den 3. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Debutsinglar frå 1963 Kategori:The Trashmen-songar Kategori:Songar om fuglar Kategori:Ramones-songar Kategori:The Cramps-songar Kategori:Orbital-songar