Finse stasjon er i ein stasjon på Finse på Bergensbanen, opna i 1908. Stasjonen ligg på kilometer 302,10 rekna frå Oslo S over Roa stasjon og Gjøvikbanen, som var den ruta persontoga på Bergensbanen nytta tidlegare. Det er ikkje bilveg fram til stasjonen. mini|venstre|Finse i damptogas tid mini|venstre|Den roterande snøplogen (snøfresaren) på Finse i 1948 Stasjonsbygningen er teikna av arkitektane Paul Armin Due, Gudmund Hoel, Bjarne Friis Baastad, bygd opphavleg i 1904 i jugendstil, ombygd i 1916 i nyklassisistisk stil.

Stasjonen ligg 1222,2 meter over havet i Ulvik herad, og er den stasjonen i Noreg som ligg høgst til fjells. Fram til jarnbanelina vart lagt inn i fjellet i den lange Finsetunnelen, som opna i 1993 og munnar ut rett attmed Finse stasjon, var det difor base på stasjonen for mannskap og utstyr for å rydde snø på denne mest vêrharde høgfjellsstrekninga av Bergensbanen. Men etter at tunnelen opna, har snøryddinga hatt utgangspunkt i stasjonane Geilo og Myrdal i kvar sine meir lågtliggande ender av høgfjellsstrekninga. Maskinelt og anna snøryddingsutstyr frå farne tider å sjå på Rallarmuseet i Austre lokomotivhall på Finse stasjon, på andre sida av sporet i høve til stasjonsbygningen og plattforma.

I våre dagar er det såleis ikkje nemneverdig mannskap på Finse som er knytt til drifta av jarnbanen, slik det var i tidlegare tider. I den fyrste tida var venterommet på stasjonen kyrkjeleg vigsla og utstyrt med eigen døypefont, av di det skulle vere høve til om naudsynt å døype i all hast eventuelle barn som vart fødde her oppe, og ikkje var liv laga.

Bakgrunnsstoff

Bane Nor: Finse stasjon

Kategori:Stasjonar på Bergensbanen kategori:Samferdsle i Ulvik kategori:Byggverk i Ulvik Kategori:Jarnbanestasjonar opna i 1908 Kategori:Jarnbanestasjonar i Vestland Kategori:Paul Armin Due