Sola kapell (tidlegare Sola kyrkje) står i vestom Sola lufthamn, Stavanger i Sola kommune i Rogaland fylke, og er ei mura langkyrkje frå 1955.

Både mellomalderkyrkja, som då var gått or bruk som kyrkje og var forfallen, og soknekyrkja frå 1842, vart kravde rivne av den tyske krigsmakta under andre verdskrigen. Kyrkja frå 1955 vart reist etter pengeinnsamling etter krigen. Også mellomalderkyrkja har sidan vorte rekonstruert som Sola ruinkyrkje.

Altertavla i Sola kapell er frå 1600-talet og døypefonten frå 1200-talet, begge har stått i dei førre Sola-kyrkjene.

I 2020 vart kyrkja avløyst av ei ny kyrkje, og kyrkja frå 1955 endra namn til Sola kapell.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Om Sola sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen Fotografi av dei tidlegare kyrkjene på Sola, på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kategori:Kyrkjer i Sola Kategori:Kyrkjer i Tungenes prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1955 Kategori:Kulturminne i Sola Kategori:Langkyrkjer i Stavanger bispedømme