mini|Dekorert traktor i snøen i Pakistan.
Køyretøydekorasjon viser til ulike måtar å pynta køyretøy på etter at dei er laga, anten permanent eller for korte høve. Ein kan til dømes dekorera køyretøy for å markera eigarskap eller for å skilja seg ut, som reklame eller for ei markering.
mini|venstre|Trikk pynta med blomar til første reis i Sintra. Nokre vanlege høve ein dekorerer køyretøy til er høgtider og opptog, bryllaup, nasjonaldagar; og idrettstevlingar. Dekorasjonar kan vera alt frå småting, som påklistra eller opphengd merke og pynt, til ombygging eller måling av køyretøyet. Vanlege dekorasjonar er blomar og kransar, band,; flagg, bilde, skrift, klistremerke, balllongar og lys.
Tradisjonar Tradisjonelle vogner av tre blei ofte dekorerte. Dei trengde å målast i alle høve, men kunne ha ulike fargar på listverket og ulike mønster eller motiv, som våpenskjoldet til eigaren.
Då fabrikkproduserte motorkøyretøy kom i bruk, byrja ein raskt å byggja dei om og dekorera dei. På 1930/1940-talet blei hot rod eit utbreidd omgrep i USA for modifiserte bilar som ein brukte til å køyra om kapp med. Ei anna form for ombygging var å senka eit køyretøy til å bli ein såkalla lowrider, bygga om ein motorsykkel til ein chopperar eller bygga om ein sykkel til ein lowrider-sykkel. Slike ombygde køyretøy kunne også dekorerast. Tradisjonen spreidde seg til andre delar av verda, og blei til dømes viktig i raggarkulturen i Sverige. Dekorasjon av køyretøy som folkevogner og bussar med sterke fargar og psykedeliske mønster var også ein viktig del av motkulturen på 1960-talet. Seinare er fantasifull dekorasjon av bilar blitt ei eiga art car-rørsle.
Til visse høgtider og opptog er det vanleg å dekorera køyretøy. Dekorerte lasteplan og tilhengjarar er til dømes mykje brukt i karnevalsopptog. I Noreg er dekorasjon av russebussar eller -bilar ein del av russefeiringa.
Visse stadar er dekorerte køyretøy blitt særleg utbreidde innan visse yrkersgrupper. I Sør-Asia finn ein dekorerte lastebilar, rickshawar og liknande, i delar av Sør-Amerika er måla chivabussar vanlege og elles finst det sterkt dekorert kollektivtransport i form av jeepneyar på Filippinane og tap tap-ar på Haiti.
Galleri
Kjelder
Kategori:Dekorasjonskunst Dekorasjon