Touching Home er eit musikkalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Mercury Records i 1971.
Singelen «Touching Home» vart den tolvte hitten Lewis fekk inn på Topp 10 på countrylista sidan 1968. Songen vart tittelsporet på det tredje albumet hans på Mercury i 1971. Ein annan singel, «When He Walks On You (The Way You Have Walked on Me)», nådde 11. plassen på countrylista. Albumet inneheld òg Kris Kristofferson sin «Help Me Make It Through the Night». Han spelte òg inn eit par songar som syster hans, Linda Gail Lewis, skreiv i lag med ektemannen sin og gitaristen til Lewis, Kenny Lovelace, som «Foolish Kind of Man».
Albumet nådde 11. plassen på countrylista til Billboard.
Innhald
Medverkande Jerry Lee Lewis - vokal, piano Chip Young, Dale Sellers, Harold Bradley, Jerry Shook, Pete Wade, Ray Edenton - gitar Lloyd Green, Pete Drake - steelgitar Kenny Lovelace - fele Bill Strom, Bob Moore - bass Buddy Harman, Jerry Carrigan - trommer The Nashville Sounds, The Jordanaires - vokalakkompagnement
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Touching Home (album)» frå , den 27. januar 2018.
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Musikkalbum produserte av Jerry Kennedy Kategori:Mercury Records-album