mini|Ein veltepetter. Veltepetter viser til syklar med svært store framhjul og små bakhjul som blei laga i den tidlege utviklinga av sykkelen. Den første veltepetteren blei laga i 1869, og dei var vanlege i to tiår, fram til utvikla av den moderne «tryggleikssykkelen» på 1880-talet.

Opphav miniatyr|Veltepetterbruk i Los Angeles i 1886. Franske Eugène Meyer fann opp det stabiliserte spilehjulet og ein sykkele med større framhjul i 1869. Rundt 1870 byrja mellom anna den engelske oppfinnaren James Starley og andre å laga syklar med stadig større framhjul. I 1878 byrja amerikanske Albert Pope å laga slike syklar utanfor Boston, og starta ei sykkeldille i Nord-Amerika.

Skildring Framhjulet på ein veltepetter kunne ha ein diameter på opptil 1,5 meter. Hjulet blei laga slik for å retta opp i eit problem med tidlegare velosipedar med to like store hjul - ein måtte trø svært raskt for å oppnå høg fart. Som på tidlegare velosipedar hadde veltepetteren pedalar feste til framhjulet.

Det store framhjulet var først mogleg å laga etter at ein tok i bruk jernspiler for å byggja opp og stabilisera hjulet. Bakhjulet ble gjort mindre for å gjera fargreia lettare. Det kunne vera vanskeleg og farleg å sykla på den nye velosiped-versjonen, og etterkvart blei han kjend som «veltepetter» i Noreg.

Sjølv om veltepetter-varianten av sykkel var kortliva, blei han eit symbol på den seine viktoriatida. Det var også med denne sykkelen av sykling som idrett og fritidsaktivitet blei utbreidd.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Penny-farthing» frå , den 25. desember 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Syklar Kategori:Skipingar i 1869