Elvis: As Recorded at Madison Square Garden er eit konsertalbum av Elvis Presley gjeve ut i juni 1972 av RCA Records. Det vart spelt inn i Madison Square Garden i New York City laurdag 10. juni 1972. Konserten, og det påfølgjande albumet, vart marknadsført som den første konserten til Presley i New York sidan 1950-åra. Det selde til gullplate 4. august 1972, platina den 20. mai 1988, 2x platina den 27. mars 1992 og 3x platina den 15. juli 1999 hos RIAA. I lag med Aloha from Hawaii: Via Satellite vart dette det mestseljande konsertalbumet til RCA i 1970-åra.
Trass i dei mange songane, var albumet berre ei enkelplate og kom ut berre ei veke etter sjølve konserten. Det neste albumet til Elvis var eit nytt konsertalbum med mange av dei same songane: Aloha from Hawaii: Via Satellite.
Konserten på dette albumet var kveldsshowet. Eit show på ettermiddagen vart òg spelt inn, men utanom ein versjon av «I Can't Stop Loving You», som kom ut på samlealbumet Welcome to My World i 1977, vart ikkje denne konserten gjeven ut før i 1990-åra, då han kom ut som An Afternoon in the Garden.
Trommeslagaren Ronnie Tutt hevda i eit intervju i 2009 for BBC-dokumentaren Elvis in Vegas at Colonel Tom Parker skrudde opp farten på miksane for å få plass til fleire songar på albumet, og dermed auke forlagshonorara sine. Dette er derimot aldri blitt bevist.
Innhald
Medverkande James Burton - sologitar John Wilkinson - rytmegitar Ronnie Tutt - trommer Jerry Scheff - Bass Glen D. Hardin - piano The Sweet Inspirations (Estelle Brown, Sylvia Shemwell, Myrna Smith) - korvokal Kathy Westmoreland - korvokal J.D. Sumner & The Stamps (Ed Enoch, Bill Baize, Richard Sterban, Donnie Sumner) - korvokal Joe Guercio - dirigent The Joe Malin Orchestra A&R/Producers: Harry Jenkins, Joan Deary, Felton Jarvis Al Pachuki og Dick Baxter - lydteknikarar Dick Baxter og Larry Schnapf - mastering og oversyn
Kjelder Denne artikkelen bygger på «As Recorded at Madison Square Garden» frå , den 21. juni 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Elvis at Madison Square Garden
Kategori:Konsertalbum frå 1972 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Records-album Kategori:Album innspelt i Madison Square Garden