Bymarka er eit skogområde vest for Trondheim. Med ei flatevidd på 80 km² er ho den største og samstundes den mest populære utfartsstaden i Trondheim. Bymarka ligg på Byneshalvøya, og er hovudsakleg samansett av Trondheim bymark, Leinstrandmarka og Bynesmarka.
Området har eit svært variert turterreng – frå tette granskogar via vekslande skog- og myrterreng til snaufjell over tregrensa (om lag 450 moh).
Historie Olav Tryggvason gav Bymarka i gåve til innbyggjarane i Trondheim i år 997.
Fredrik von der Lippe, tidlegare sjef for Trondheim Kommuneskogar, lanserte dette slagordet for friluftsbruken av Bymarka: «Her er du alltid velkommen når ingen kan sjå at du har vore der!».
Geografi Fjell over 400 moh. 565 moh. Storheia 552 moh. Gråkallen 537 moh. Bosbergheia 500 moh. Rundheia 492 moh. Litlheia 463 moh. Stadsheia 461 moh. Elsetheia 458 moh. Herbernheia 446 moh. Vintervasshøgda 437 moh. Bykleivåsen 416 moh. Geitfjellet 415 moh. Hoåsen 400 moh. Revfjellet
Serveringsstader i Bymarka Skistua Elgsethytta Grønlia Estenstadhytta Rønningen Lavollen Damhaugen Sparebank1-hytta
Kategori:Trondheims geografi