Claus Christian Olrog () var ein norsk byråkrat og tollar frå Kristiansand som representerte byen på Stortinget i tre periodar i tida 1859-69.
Olrog var son til ein skipsmålar. Etter han vart student i 1825 utdanna han seg til cand.jur. ved universitetet i Christiania i 1830. Han arbeidde i Finansdepartementet frå 1831, fyrst som kopist, sidan fullmektig og deretter byråsjef frå 1838 og ekspedisjonssekretær frå 1842. I 1847 fekk han stillinga som tollinspektør i Kristiansund, før han same jobben i heimbyen Kristiansand i 1852.
Olrog var medlem av bystyret i Kristiansand i tida 1853-80. Han var stortingsmann frå Kristiansand i 1859-60, 1862-63, 1868-69 og på Omframtstortinget 1864. Også til Stortinget 1865-66 vart han vald til å representere valkrinsen, men sa frå seg valet. På Stortinget var han alle sesjonane formann i Tollkomiteen. Olrog var elles medlem i Tollkommisjonen av 1839 og kommisjonen om skipsmålingar frå 1867.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Folk frå Kristiansand