Skåne län er eit len i det sørlege Sverige. Det grensar til lena Hallands län, Kronobergs län og Blekinge län.

Landskap Landskapet Skåne har omtrent dei same grensene som dagens Skåne län. Skånes landskap er òg særs flatt, noko som har sett sitt preg på jordbruket i Skåne. Det høgaste punktet i Skåne er Söderåsen (212,2 moh).

Administrasjon Skåne län vart danna i 1997 ved at dei to skånske lena Malmöhus län og Kristianstads län vart slått saman til ei eining. Fram til samlinga var det dårleg offentleg kommunikasjon mellom dei to delane av landskapet. Ein av dei første oppgåvene i regionen var å opprette buss- og toglinjer mellom dei to tidlegare lena ved å skipe selskapet Skånetrafiken.

Hovudoppgåvene for lensadministrasjonen er å utføre dei oppgåvene gjeven av Riksdagen og den svenske regjeringa, å koordinere og oppmuntre til økonomisk vekst i länet og ivareta rettstryggleiken.

Skåne län er eit av lena som har fått (som ei prøveordning saman med Västra Götaland og Gotland) utvida ansvarsområde delegert frå den sentrale svenske regjeringa.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Skåne län» frå , den 24. juni 2012. oppgav desse kjeldene: Statistiska centralbyrån 31. mars 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Len i Sverige