Elvis' Golden Records Volume 3 er eit samlealbum av den amerikanske rock and roll-songaren Elvis Presley, gjeve ut av RCA Victor som LPM/LSP-2765 den 11. august 1963. Albumet var det tredje av til slutt fem plater i samlingar, og det 18. utgjevinga hans i alt. Samlealbumet inneheld singlar gjevne ut frå 1960 til 1962.

Albumet vart gjeve ut på ny på CD i 1997 med seks bonusspor. Det selde til gullplate 1. november 1966 og platinaplate 27. mars 1992 i USA. Note: Search for "Elvis' Golden Records, Volume 3"

Innhald Manageren til Presley, Colonel Tom Parker, såg for seg ein marknadsstrategi der Presley skulle gje ut filmmusikkallbum og uavhengige studioinnspelingar, i tillegg til singlar.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; pp. 186-187. ISBN 978-0-312-18572-5. I midten av 1963 selde studioalbuma til Presley langt dårlegare enn filmmusikkalbuma. Innspelingane seint i mai enda med at ein ikkje hadde nok materiale til eit vanleg album, og desse songane dukka opp på singlar og fyll på filmmusikkalbum og samleplata Elvis for Everyone.Jorgensen, op. cit., pp. 179-181, 183. Den umiddelbare løysinga var nok ei samleplate med hit-singlar, og salstalet synte at det vart ein suksess.Jorgensen, op. cit., p. 186.

Golden Records Volume 3 inneheldt åtte singlar som nådde topp fem på singellista i USA, i tillegg til fire B-sider, «Fame and Fortune», «I Gotta Know», «Little Sister» og «Anything That's Part of You». Fem A-sider «Stuck on You», «It's Now or Never», «Are You Lonesome Tonight?», «Surrender» og «Good Luck Charm» nådde førsteplassen.

Det originale albumet vart først gjeve ut på CD i 1989. I 1997 kom det ut på CD igjen med seks bonusspor. Dette var to albumspor, to songar som opphavleg var gjevne ut på EP-ar og ei anna B-side, og dei to hitsinglane «Can't Help Falling In Love» frå filmmusikkalbumet Blue Hawaii. «The Girl of My Best Friend» var henta frå albumet Elvis Is Back!, og «Wooden Heart» kom frå filmmusikkalbumet til G.I. Blues. «Wooden Heart» vart gjeven ut på B-side to gonger, ein gong i 1964 og ein gong til i 1965, og B-sida «Wild in the Country» er tittelsporet til filmen med same namn. Dei to andre songane er filmsongar, «Follow That Dream» og «King of the Whole Wide World», frå EP-ar frå Presley-filmar Follow That Dream og Kid Galahad.

Den originale innspelinga vart produsert av Steve Sholes, Joseph Lilley, Chet Atkins, Urban Thielmann, Jeff Alexander og Hans J. Salter.

Medverkande

Elvis Presley – vokal, akustisk gitar Scotty Moore – gitar Hank Garland – gitar, bass Tiny Timbrell – gitar Neal Matthews – gitar Harold Bradley – gitar Jerry Kennedy – gitar Floyd Cramer – piano, orgel Gordon Stoker – piano Dudley Brooks – piano

Bob Moore – bass Ray Siegel – bass Meyer Rubin – bass D.J. Fontana – trommer Buddy Harman – trommer Hal Blaine – trommer Boots Randolph – saksofon Jimmie Haskell – trekkspel The Jordanaires – korvokal Millie Kirkham – korvokal

Innhald Listeplasseringa gjeld for Billboard Pop Singles-lista med mindre det står noko anna.

Originalalbum Side ein Nr. Songtittel Låtskrivar(ar) Innspelt Katalog Utgjeving Listeplassering Lengd 1. «It's Now or Never» Eduardo di Capua, Aaron Schroeder, Wally Gold 3. april 1960 47-7777 5. juli 19601 3:15 2. «Stuck on You» Aaron Schroeder, S. Leslie McFarland 20. mars 1960 47-7740 23. mars 19601 2:18 3. «Fame and Fortune» Fred Wise, Ben Weisman 20. mars 1960 47-7740b 23. mars 196017 2:30 4. «I Gotta Know» Paul Evans, Matt Williams 3. april 1960 47-7810b 1. november 196020 2:15 5. «Surrender» Doc Pomus, Mort Shuman 30. oktober 1960 47-7850 7. februar 19611 1:52 6. «I Feel So Bad» Chuck Willis 12. mars 1961 47-7880 2. mai 19615 2:54Side to Nr. Songtittel Låtskrivar(ar) Innspelt Katalog Utgjeving Listeplassering Lengd 1. «Are You Lonesome Tonight?» Lou Handman, Roy Turk 3. april 1960 47-7810 1. november 19601 3:05 2. «(Marie's the Name) His Latest Flame» Doc Pomus, Mort Shuman 25. juni 1961 47-7908 8. august 19614 2:08 3. «Little Sister» Doc Pomus, Mort Shuman 25. juni 1961 47-7908b 8. august 19615 2:31 4. «Good Luck Charm» Aaron Schroeder, Wally Gold 15. oktober 1961 47-7992 27. februar 19621 2:24 5. «Anything That's Part of You» Don Robertson 15. oktober 1961 47-7992b 27. februar 196231 2:05 6. «She's Not You» Doc Pomus, Jerry Leiber og Mike Stoller 19. mars 1962 47-8041 17. juli 19625 2:08

Bonusspor på 1997-utgåva Spor 1-12 er frå originalalbumet Nr. Songtittel Låtskrivar Innspeling Katalog Utgjeving Lister Lengd 13. «Wild in the Country» George Weiss, Hugo Peretti, Luigi Creatore 7. november 1960 47-7880b 2. mai 196126 1:52 14. «Wooden Heart» George Wise, Weisman 28. april 1960 LSP 2256 (G.I. Blues) 1. oktober 1960— 2:02 15. «The Girl of My Best Friend» Beverly Ross, Sam Bobrick 3. april 1960 LSP 2231 (Elvis Is Back!) 8. april 1960— 2:21 16. «Follow That Dream» George Wise, Ben Weisman 2. juli 1961 EPA 4368 (Follow That Dream) 1. april 196215 1:37 17. «King of the Whole Wide World» Ruth Batchelor, Bob Roberts 27. oktober 1961 EPA 4371 (Kid Galahad) 1. august 196230 2:06 18. «Can't Help Falling In Love» George Weiss, Hugo Peretti, Luigi Creatore 23. mars 1961 47-7968 22. november 19612 2:59

Lister og salstrofé

Liste (1963)PlasseringUS Billboard 2003 Liste (1964)PlasseringUK Albums Chart6 Liste (1977)PlasseringFrankrike Find "Elvis PRESLEY" under the drop-down menu to see statistics.6

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Elvis' Golden Records Volume 3» frå , den 29. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av Steve Sholes Kategori:Elvis Presley-album Kategori:Samlealbum frå 1963 Kategori:RCA Victor-album