Ragnvald Marensius Gundersen () var ein norsk politikar frå Glemmen som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1945 til 1953.
Gundersen var medlem i bystyret i Fredrikstad periodane 1932-24 og 1937-40. Frå 1945 til 1965 var han ordførar i Fredrikstad, deretter varaordførar 1966-71. Fireårsperioden 1964-67 var han også fylkesvaraordførar, for så å verte fylkesordførar i perioden 1968–71. Han avslutta kommunalpolitikken som bystyremedlem i Fredrikstad 1972–75.
Etter Nils Hønsvald vart statsråd 10. januar 1948 møtte Gundersen på Stortinget resten av tingperioden 1945-49 som representant for kjøpstadene i Østfold og Akershus, og var sekretær i Universitets- og fagskulekomiteen. På Stortinget 1950-53 møtte han frå same valkrinsen, men då med fast plass. Heile den fireårsperioden var han medlem i Militærkomiteen. Ved stortingsvalet 1953 nådde han ikkje opp.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Folk frå Fredrikstad