Christian Ludvig Jensen () var ein norsk jurist og politikar. Han var stortingsrepresentant for partiet Høgre i Oslo frå 1937 til -45. Statsråd Christian Jensen var farfar hans.
Far til Jensen var byrettsjustitiarius i Kristiania, og han sjølv vart cand. jur. i 1909. Deretter arbeidde han som dommarfullmektig ved Moss sorenskrivarembete i to år til 1911. I 1912 og -13 studerte han i Tyskland.
Frå 1913 var Jensen fullmektig hos Oslo-advokatane Fredrik Stang Lund og Jens Michael Lund. Etter at han sjølv tok advokaturen i 1917 var han kompanjong i same advokatfirmaet. Han arbeidde i firmaet til 1976. Perioden 1946-63 var han redaktør i Norsk Retstidende.
Jensen var ordførar i Aker kommune frå 1935 til han i 1941 vart avsett av okkupasjonsstyret. Etter den tyske kapitulasjonen kom han tilbake i ordførarombodet våren 1945 og var ordførar ut året. Frå 1937 til 1945 representerte han partiet Høgre på Stortinget. På Tinget var han medlem i Kommunalkomiteen.
Jensen hadde ei lang rekke styreverv og tillitsverv både på nasjonalt og lokalt plan. Han var styreformann i Norges Kommunalbank frå 1945 og for Oslo bymuseum frå 1946. Ei tid var han styreleiar i forsikringsselskapet Eidsvold, og av AS Buskerud Papirfabrikk. På fritida var Jensen ein mykje aktiv friluftsliv-mann, mellom anna styremedlem og 1926-28 formann i Norsk Tindeklub og sidan styremedlem og 1933-40 formann i Den Norske Turistforening. Også formann i Christiania Skiklubb.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Aker Kategori:Høgreordførarar i Akershus Kategori:Norske juristar Kategori:Norske bankfolk Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Oslo