1048 (romartal MXLVIII) var eit skotår som byrja på ein fredag etter den julianske kalenderen. Hendingar
Utlandet 16. juli: Pave Benedikt IX vart avsett for siste gong og bannlyst, skulda for simoni. 17. juli: Poppo vart pave under namnet Damasus II. Svein Estridsson gifta seg med Gunhild Anundsdotter. Johannittarordenen vart grunnlagt.
Noreg Snorre seier at Oslo vart grunnlagd av Harald Hardråde dette året. Arkeologar har seinare funne ut at området har vore busett før år 1000.
Fødde Alexios I Komnenos, bysantinsk keisar 1081–1118. Omar Khayyam, persisk poet, astronom, matematikar og filosof. Magnus Haraldsson, konge av Noreg 1066–1069.
Døde 9. august: Pave Damasus II, fødd Poppo, pave 17. juli–9. august 1048. Abu Raihan al-Biruni, persisk diktar og matematikar.