Ludovic Guily () er ein fransk tidlegare fotballsspelar som vann Meisterligaen 2006 med FC Barcelona. Den kortvaksne offensive midtbanespelaren er kjend etter sine år i Olympique Lyonnais, AS Monaco, FC Barcelona, AS Roma og Paris Saint-Germain. Han spelte 17 landskampar for Frankrike i perioden 2000-05 og skåra tre mål.

Giuly debuterte på Olympique Lyon i 1994 og vart overført til AS Monaco sommaren 1998. Med Monaco vart han fransk seriemeister i 2000 og ligacupvinnar i 2003. I 2004 var han kaptein på laget som tok seg heilt til finalen i meisterligaen. Han vart midtvegs i 1. omgang skadd pg måtte forlate bana i ein kamp som enda med tap 0-3 mot FC Porto.

Same sommaren gjekk turen til FC Barcelona. Både i 2005 og 2006 vart Giuly spansk seriemeister, i 2006 var han med på sine største triumf på fotballbana då det katalanske laget vann meisterligaen. Sesongen 2007/08 spelte han på AS Roma, eit lag som vann den nasjonale cupen i 2008. Frå sommaren 2008 spelte han i tre år på Paris Saint-Germain, og også her fekk han med seg ein pokal då laget vann den franske cupmeisterskapen i 2010. Han reiste i 2011 tilbake til AS Monaco, der han spelte ein sesong, det same gjorde han så i Lorient i 2012/13. Sidan den tid har han spelt fotball på amatørnivå.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ludovic Giuly» frå , den 11. juni 2016.

Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Monaco-spelarar Kategori:Lyon-spelarar Kategori:Paris Saint-Germain-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Roma-spelarar Kategori:Lorient-spelarar