Andreas Brehme () var ein tysk fotballspelar frå Hamburg. Han er kjend for å ha vorte matchvinnar då Vest-Tyskland vann VM-finalen i 1990 med 1–0 over Argentina på straffespark.
Brehme var Kaiserslautern-spelar frå 1981 til 1986. Dei neste to sesongane spelte han på Bayern München. Dernest tenestegjorde han i italienske FC Internazionale frå 1988 til 1992. Etter å ha vore Real Zaragoza-spelar i 1992/93-sesongen gjekk han tilbake til Kaiserslautern. Han la opp i 1998.
Frå 1984 til 1994 tok Brehmne på seg den vesttyske/tyske landslagsdrakta 86 gongar og fekk åtte nettkjenningar med denne. Han deltok i samtlege seks EM/VM-turneringane i tidsromet, og var på bana både under VM-finalane 1986 og 1990, og under EM i fotball 1992. Han var kaptein for det tyske mannskapet som måtte nøye seg med sølvmedaljar etter å ha tapt 0–2 mot Danmark.
Merittar Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland VM-sølv: 1986 med Vest-Tyskland EM-sølv: 1992 med Tyskland Vinnar av UEFA-cupen: 1991 med FC Internazionale Tysk seriemeister: 1987 med Bayern München og 1998 med FC Kaiserslautern Italiensk seriemeister: 1989 med FC Internazionale Tysk cupmeister: 1996 med FC Kaiserslautern
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Andreas Brehme» frå , den 28. mai 2016.
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Kaiserslautern-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994