Donald Howard Menzel () var ein amerikansk astronom og ein av dei første teoretiske astronomane og astrofysikarane i USA. Han oppdaga dei fysiske eigenskapane til kromosfæren kring sola, kjemien til stjerner, atmosfæren til Mars og eigenskapane til stjernetåker.

Han var professor ved Harvard University frå 1938 til 1966 og direktør ved observatoriet der frå 1954 til 1966. Han har gjeve ut fleire avhandlingar innan astrofysikk og teoretisk fysikk, og fleire bøker, mellom anna Our Sun (2. utg. 1959), The World of Flying Saucers (1963) og Field Guide to the Stars and Planets (1964).

Kjelder

Kategori:Tilsette ved Harvard University Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:Astrofysikarar Kategori:UFO-skeptikarar Kategori:Elevar ved University of Colorado Kategori:Elevar ved University of Denver Kategori:Elevar ved Princeton University Kategori:Tilsette ved University of Iowa Kategori:Tilsette ved Ohio State University Kategori:Folk frå Colorado