Johan Georg Bernhard Mejlænder () var ein norsk sjømann og industrileiar frå Hidra i Vest-Agder, busett i Stavanger.

Mejlænder var frå Rasvåg i Vest-Agder, der far hans var tollbetjent. Sjølv reiste han til sjøs i over 20 år. Han var gift med ei kvinne frå Stavanger og slo seg ned i byen kringom 1860. I 1879 vart han medeigar i hermetikkfabrikken Stavanger Preserving Co. og disponent i firmaet. Same året la han grunnen for den norsk sardinindustrien med å leggje brisling i matolje. For det påfunnet fekk fabrikken i 1880 gullmedalje på utstillingar både i Berlin og i Melbourne. Mejlænder leia Stavanger Preserving til etter hundreårrskiftet.

I Stavanger er Johan Georg Bernhard Mejlænder heidra med Kaptein Mejlænders gate som ligg i Kalhammaren.

Kjelder

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Norske sjømenn Kategori:Norske industrigrunnleggjarar Kategori:Folk frå Flekkefjord Kategori:Folk frå Stavanger