Kristine Bonnevie () var ein norsk biolog og første kvinnelege professor i Noreg. Forskingsfeltet hennar var cytologi, genetikk og embryologi.

Ho var dotter av Jacob Aall Bonnevie som ein av ni sysken. Familien flytta frå Trondheim til Kristiania i 1886.

Bonnevie starta å studere medisin i 1892, men bytte studium seinare til zoologi. Studia enda med doktoravhandlinga «Undersøgelser over kimcellerne hos Enteroxenos østergreni» (1906). mini|venstre|«Studiehjem for unge piker» i Geitmyrsveien i Oslo, skipa av Bonnevie, vert framleis nytta av studentar. Ho var òg student hos Arnold Lang i Zürich i åra 1898-99, hos Theodor Boveri i Würzburg i 1900-01 og hos E.B. Wilson ved Columbia University i New York frå 1906 til 1907. Ho tok over leiinga av Zootomisk laboratorium etter Johan Hjort i 1900.

Rundt 1914 starta ho på arbeidet ho er mest kjend for, arvelighetsforskning, og skipa Institutt for arvelighetsforskning, det seinare Genetisk institutt, i 1916. Etter å ha vore innstilt som førstevalg ved eit professorat ved Bergens Museum i 1912 vart Bonnevie tilbode eit nyetablert professorat ved Det Kongelege Frederiks Universitet som ho takka ja til. Tiltredelsesforelesinga 28. november 1912 hadde titelen: «Retningar og resultat inden den moderne eksperimentel-biologiske forsking.» Ho hadde dette professoratet fram til 1937.

Bonnevie vart det første kvinnelege medlemmet i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1911. Seinare skipa og leidde ho Norske Kvinnelege Akademikeres Landforbund i åra 1922-1925. Ho skipa «Studiehjem for unge piker» i 1916 og Studenterhus i Schulz' gate i Oslo i 1923. Ho tok over hushaldet hos Vilhelm Bjerknes etter kona hans Honorias døydde (Kristine og Honoria var systrer). Ho sat i bystyret i åra 1908-1919 og var suppleant til Stortinget for Frisindede Venstre i perioden 1916-1918.

Utmerkingar Kristine Bonnevie fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1920, St. Olavs Orden av første klasse i 1946 og Fridtjof Nansens Belønning i 1935. På Blindern ber biologibygningen namnet Kristine Bonnevies hus. Både i Oslo og i Stavanger er det ei gate oppkalla etter Bonnevie.

Litteratur Inger Nordal, Dag O. Hessen og Thore Lie: Kristine Bonnevie: et forskerliv, 2012, ISBN 978-82-02-34580-8

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kristine Bonnevie» frå , den 7. mars 2016, revisjon 15446199

Bakgrunnsstoff NRK Museum Reale pioner-damer (radioprogram og artikkel om Bonnevie av Øyvind Arntsen og Knut Reidar Andresen 09.09.2011 Agnes Hiorth sitt portrett av Kristine Bonnevie av Ulla Uberg Nettutstilling frå Arkivverket

__NOTOC__ Kategori:Norske biologiprofessorar Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund