«Into the Fire» er ein song av Stage Dolls, gjeven ut 2. februar 2016. Songen er skriven av Torstein Flakne, Anne Judith Wik, Mark Spiro og Hallgeir Rustan.
«Into the Fire» vart presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2016, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, på ein pressekonferanse hjå Norsk rikskringkasting 19. januar 2016. På pressekonferansen vart det òg kjend at Tommy Nilsen, Ronny Nilsen, Arne Kolsrud Overen og Sjur Andreas Lundstein, under namnet Stage Dolls, ville framføre songen, på engelsk. Samstundes vart 15 sekundar av songen offentliggjort på NRK.no. 2. februar 2016 vart songen gjeven ut i full lengd.
Fotnotar
Kategori:Stage Dolls-songar Kategori:Songar skrivne av Torstein Flakne Kategori:Songar skrivne av Anne Judith Wik Kategori:Songar skrivne av Mark Spiro Kategori:Songar skrivne av Hallgeir Rustan Kategori:Melodi Grand Prix 2016-songar Kategori:Engelskspråklege Melodi Grand Prix-songar