Dorothy Tennant () var ein britisk nyklassisistisk målar frå viktoriatida.
Tennant var fødd ved Russel Square i London som den andre dottera til politikaren Charles Tennant og sosietetskvinna Gertrude Barbara Rich Collier. Ho studerte målarkunst under Edward Poynter ved Slade School of Fine Art i London og Jean-Jacques Henner i Paris.Grosvenor Prints, London
I tillegg til å laga måleri skreiv og illustrerte Tennant fleire bøker,Google Books (2010) mellom anna London Street Arabs frå 1890.
I 1890 gifta ho seg med Afrika-oppdagaren Henry Morton Stanley, og då han blei adla ni år seinare fekk ho tittelen Lady Stanley. Dei to adopterte ein son, Denzil. Etter at ektemannen døydde i 1904 redigerte og illustrerte ho sjølvbiografien hans,Henry Morton Stanley (1909) The Autobiography Of Sir Henry Morton Stanley, Dorothy Stanley Ed., Houghton Mifflin Company er blitt skulda for å ha teke vekk alt snakk om kvinner i livet hans før henne.
Dorothy gifta seg opp att i 1907 med Henry Curtis (d. 1944), ein kirurg, patolog og forfattar.Supplement to the British Medical Journal (1944)
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dorothy Tennant» frå , den 16. februar 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Engelske målarar Kategori:Kvinnelege målarar Kategori:Nyklassisistiske målarar Kategori:Britiske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Målarar frå 1900-talet