Hårek Elvenes () er ein norsk politikar for Høgre. Han har vore vararepresentant til Stortinget frå Akershus sidan 2005. Han møtte 16. oktober 2013-30. september 2017 fast for Jan Tore Sanner. Elvenes var medlem av Justiskomiteen.
Han vart vald som stortingsrepresentant frå Akershus fylke ved stortingsvalet i 2017.
Elvenes har examen artium frå reallinja ved Sortland gymnas frå 1978 og gjekk Ingeniørskulen for hæren 1978–1981 og Befalskulen for ingeniørvåpenet på Hvalsmoen i 1981. Han tenestegjorde som befal i ingeniørkompaniet i Brigaden i Nord-Noreg 1981–1984. Elvenes er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen BI frå 1991 og Mastar of Business Administration (MBA) frå Noregs Handelshøgskole frå 2005.
Han har bakgrunn frå oljeservice-, entreprenør- og eigedomsbransjen. Han var formann og anleggsleiar i Aker Entreprenør AS 1984–1987, kontraktsleder i Norwegian Contractors AS 1991–1995, controller i Eeg-Henriksen AS 1995–1996, controller og økonomidirektør i Vegdekke OS 1996–2003, føretaksrådgjevar i Ellefsen & Nilsen AS 2005–2007 og regionsjef for Nord-Noreg i Forsvarsbygg 2007–2013.
Elvenes har vore medlem av Bærum kommunestyre sidan 1995 og satt i formannskapet 1999–2007. Han var gruppeleiaren til partiet 2003–2007. Han var leiar i Bærum Høgre 2000–2004, første nestleiar i Akershus Høgre 2004–2012 og leier i fylkespartiet etter dette.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Lokalpolitikarar i Bærum Kategori:Folk frå Sortland