«The Little Drummer Boy» (opphavleg kalla «Carol of the Drum») er ein populær julesong skriven av den amerikanske komponisten og læraren Katherine Kennicott Davis i 1941. Han vart spelt inn i 1955 av The Trapp Family Singers og igjen i ein populær versjon i 1958 med Harry Simeone Chorale. Denne versjonen vart gjeven ut i fleire år og songen har blitt spelt inn mange gonger sidan den gong.

mini|venstre|Gut kledd ut som ein «liten trommegut». Teksten handlar om ein fattig, ung gut som på magisk vis vert ført til Jesu fødsel, men utan ei gåve for den nyfødde Jesus, spelar han tromme for han.

Opphav Songen heitte opphavleg «Carol of the Drum» og vart publisert av Davis, basert på ein tradisjonell tsjekkisk song. Davis ønskteå lage musikk for amatør- og jentekor: i manuskriptet hennar er han oppført som ein koral, og melodien i sopranen med alt-harmoni, og tenor- og basspartane skapar «trommerytmen». Klaverinstrumentakkompagnement var «berre for øving». Overskrifta var «Tsjekkisk song fritt transkribert av K.K.D».

Den tsjekkiske originale er aldri blitt identifisert, men stilen minnar om den tsjekkiske «Hajej, nynjej», ein voggesong som vart samla inn tidleg på 1900-talet og som vart omsett til engelsk av Percy Dearmer som «Rocking Carol» for Oxford Book of Carols i 1928. Melodien til «Rocking Carol», har nesten ingen likskapar med «Carol of the Drum».

«Carol of the Drum» fekk merksemda til den austerrikske Trapp Family Singers, som introduserte songen for eit større publikum då dei spelte han inn for Decca Records i 1955, kort tid før dei gav seg. Versjonen deira er berre tilskriven Davis og publisert av Belwin-Mills. I 1957 vart han spelt inn, med eit noko annleis arrangement, av Jack Halloran Singers for albumet Christmas Is A-Comin''' på Dot Records. Henry Onorati frå Dot introduserte songen til venen Harry Simeone og året etter, då 20th Century Fox Records ønskte eit julealbum frå han, gjorde Simeon små endringar til Halloran-arrangementet og gav han tittelen «The Little Drummer Boy». Han spelte songen inn med the Harry Simeone Chorale på albumet Sing We Now of Christmas. Simeone og Onorati var då begge oppførte som komponistar i lag med Davis.

Albumet og songen vart ein enorm suksess og singelen gjekk inn på den amerikanske singellista frå 1958 til 1962. I 1963 vart albumet gjeve ut på ny med tittelen The Little Drummer Boy: A Christmas Festival, for å utnytte populariteten til singelen. Året etter kom albumet ut i stereo. I 1988 vart The Little Drummer Boy: A Christmas Festival gjeve ut på CD av Casablanca Records, og sidan på Island Records. Harry Simeone, som i 1964 fekk kontrakt med Kapp Records, spelte inn ein ny versjon av «The Little Drummer Boy» i 1965 for albumet hans O' Bambino: The Little Drummer Boy. Simeone spelte inn songen ein tredje og siste gong i 1981 for eit album (igjen kalla The Little Drummer Boy) på lågprisselskapet Holiday Records.

Soga i songen liknar ei soge frå 1100-talet fortalt av Anatole France som Le Jongleur de Notre Dame, som vart tilpassa til ein opera i 1902 av Jules Massenet. I den franske segna gjer ein gjøglar kunstnar føre ein statue av Jomfru Maria, og statuen skal i følgje segna anten ha kasta ei rose til han eller gjeve han eit smil (eller begge delar, som i filmen The Juggler of Notre Dame frå 1984.)

Andre versjonar «The Little Drummer Boy» er blitt spelt inn i mange andre versjonar, i alt over 220 versjonar på minst sju forskjellige språk innan mange forskjellige sjangrar:

1950-åra Trapp Family Singers, som var inspirasjon for Rodgers og Hammerstein i musikalen The Sound of Music, spelte inn songen som «Carol of the Drum» i 1955, før dei gav seg. 1957: The Jack Halloran Singers song «Carol of the Drum» på julealbumet Christmas Is A-Comin'. Albumet kom ut to år seinare som The Little Drummer Boy for å utnytte suksessen til versjonen frå 1958 med Harry Simeone Chorale. 1958: Den populære Harry Simeone Chorale-innspelinga nådde 13. plassen på Billboard Hot 100. Simeone spelte inn songen på ny i 1965 og 1981.

1960-åra 1962 The Ray Conniff Singers spelte inn ein versjon av songen som ein del av ein medley med «Jolly Old St. Nicholas,» som kom ut på albumet deira We Wish You a Merry Christmas. I 1967 vart «Little Drummer Boy»-delen av medleyen gjeve ut på singel i lag med Conniff sin versjon frå 1959 av «White Christmas." Bing Crosby spelte inn ein soloversjon av songen for Warner Bros. Records-julealbumet I Wish You a Merry Christmas. 1963 Johnny Cash gav ut ein versjon av songen for julealbumet The Christmas Spirit. Denne versjonen vart tidlegare gjeven ut på singel jula 1959. Johnny Mathis gav ut ein versjon av songen på det andre julealbumet sitt, Sounds of Christmas. Mathis spelte inn songen på ny i 1969 for det neste julealbumet sitt, Give Me Your Love for Christmas. Andy Williams gav ut ein versjon av songen på det første julealbumet sitt, The Andy Williams Christmas Album. 1964 Marlene Dietrich spelte inn ein tyskspråkleg versjon av songen kalla «Der Trommelmann». Jo Stafford gav ut ein versjon av songen på julealbumet hennar The Joyful Season. 1965 The Supremes spelte inn songen for julealbumet deira, Merry Christmas. The Vince Guaraldi Trio gav ut eit jazzpianoarrangement av songen kalla «My Little Drum,» for filmmusikkalbumet A Charlie Brown Christmas. Anita Kerr and the Living Voices gav ut ein versjon av songen for julealbumet deira The Little Drummer Boy. Nana Mouskouri spelte inn ein franskspråkleg versjon av songen kalla «L'enfant au tambour». Raphael spelte inn sin spanskspråkleg versjon av songen kalla «El tamborilero». 1966 Joan Baez spelte inn ein versjon av songen for julealbumet hennar Noël. Henry Mancini spelte inn ein versjon av songen for julealbumet hans, A Merry Mancini Christmas. The Crusaders spelte inn ein versjon av songen dei gav ut på singel. Denne var òg med på debutalbumet deira frå november 1966, som er eit av dei første kristne rockealbuma. 1967 Stevie Wonder gav ut ein versjon av songen på julealbumet hans, Someday at Christmas. Ein versjon av Lou Rawls vart gjeven ut som singel og på julealbumet hans, Merry Christmas! Ho! Ho! Ho!. 1968 Living Strings & Living Voices spelte inn songen for albumet deira White Christmas. Songen vart omgjort til ein animasjonsfilm av Rankin/Bass. Vienna Boys Choir song tittelsongen i denne versjonen, som vart fortalt av Greer Garson, der Jose Ferrer har stemma til Ben Haramed, den vonde karavanesjåføren. Det vart laga ein oppfølgjar i 1976. 1969 Jimi Hendrix spelte inn songen som den siste innspeligna hans før han døydde året etter i 1970. Denne kom seinare ut på EPen Merry Christmas & Happy New Year i 1999.

1970-åra 1970 The Jackson 5 spelte ein versjon av songen som vart gjeven ut på julealbumet deira. The Brady Bunch gav ut ein versjon av songen på julealbumet deira, Christmas with The Brady Bunch. The Temptations spelte inn songen på albumet deira The Temptations Christmas Card.The Temptations Christmas Card 1972 Songen vart nytta i fjernsynsprogrammet Christmas at the White House. Songen var visstnok favorittjulesongen til Richard Nixon. 1977 Ein av dei mest populære versjonen av songen vart spelt inn av Bing Crosby for det siste juleshowet hans, Bing Crosby's Merrie Olde Christmas, som ein medley kalla «Peace on Earth/Little Drummer Boy», i ein usannsynleg duett med David Bowie. Bowie ønskte ikkje å synge «Little Drummer Boy», så den nye songen vart lagt til for han. 1979 Emmylou Harris spelte songen på albumet hennar, Light of the Stable.

1980-åra 1981 Anne Murray spelte inn ein versjon på albumet hennar, Christmas Wishes. Ein versjon av songen av Joan Jett and the Blackhearts vart gjeven ut på albumet I Love Rock 'n' Roll då det kom ut i desember, men då jula var over vart songen erstatta av ein annan song. Denne versjonen er nytta i ein episode av The Sopranos. Ein versjon av det tyske bandet Boney M. kom ut på julealbumet deira Christmas Album i 1981, og som ein singel (som nådde 20. plassn på den tyske singellista). Det var den siste songen med dansaren Bobby Farrell. Rosemary Clooney spelte inn ein versjon av songen på julealbumet hennar, Christmas with Rosemary Clooney. 1984 Ein italiensk versjon vart spelt inn av I Cavalieri del Re. 1985 The Canadian Brass gav ut ein instrumentalversjon av songen på julealbumet deira, A Canadian Brass Christmas. Sopranen Kiri te Kanawa spelte inn songen i 1982 for julealbumet hennar Christmas With Kiri. 1987 Bob Seger and the Silver Bullet Band gav ut ein versjon av songen for julealbumet A Very Special Christmas, men versjonen deira har fjerna alle religiøse referansar (t.d. «Then he nodded» i staden for «Mary nodded»). Denne versjonen vart seinare nytta av Johnny Cash og Neil Young på Ben Keith-albumet Seven Gates i 1994. 1988 Mannheim Steamroller spelte inn ein versjon av songen på det andre julealbumet deira A Fresh Aire Christmas. Alexander O'Neal spelte inn ein versjon av songen for julealbumet My Gift to You Det kristne rockebandet White Heart gav ut ein versjon av songen på Christmas frå 1988. Grace Jones song eit utdrag av songen i barneprogrammet Pee-Wee's Playhouse. 1989 New Kids on the Block (med solovokal av Danny Wood) spelte inn songen for julealbumet deira, Merry, Merry Christmas.

1990-åra 1990 New Age-gitaristen Ottmar Liebert spelte inn ein versjon for albumet Poets & Angels: Music 4 the Holidays. Robert Wendel arrangerte ein instrumentalversjon i same stil som Ravel sin Boléro, spelt inn av Erich Kunzel and the Cincinnati Pops på Christmas Time Is Here. White Heart gav ut ein versjon på albumet deira Souvenirs. 1991 Take 6 spelte inn ein versjon av songen på julealbumet deira, He Is Christmas. Det britiske bandet The Yobs gav ut ein parodiversjon av songen kalla «Rub-a-Dum-Dum». Jazzgitaristen Tuck Andress spelte inn ein instrumentalversjon av songen for albumet hans, Hymns, Carols and Songs about Snow. Al Bano & Romina Power gav ut ein italiensk versjon av songen kalla «Il Piccolo Tamburino». 1992 ABBA-«parodibandet» Björn Again spelte inn songen for singelen, «Santa Claus Is Coming to Town»/«Little Drummer Boy». The Vocal Majority gav ut David Wright-arrangement av songen på albumet deira Alleluia. Tenoren Jose Carreras song songen i ein duett med Diana Ross for julekonserten deira og innspelinga Christmas in Vienna. 1993 Glen Campbell RuPaul gav ut ein R&B-versjon av songen som singel på Tommy Boy Records. 1994 Kenny G spelte inn ein akustisk versjon av songen for julealbumet Miracles: The Holiday Album. The Dandy Warhols spelte inn den første av to versjonar av songen, som dei gav ut på Tim/Kerr Records. UCLA Chamber Singers spelte inn songen med Alvin på trommer for albumet A Very Merry Chipmunk. 1995 Jars of Clay spelte inn songen for EPen Drummer Boy. Dei spelte inn songen på ny i 2007 for julealbumet Christmas Songs. 1996 Apocalyptica spelte inn songen og gav han ut som singel. 1997 The Toasters spelte inn songen på Moon Ska Records sitt samlealbum, Christma-Ska. Rush-gitarist Alex Lifeson spelte inn ein versjon av songen for gitarjulealbumet Merry Axemas. 1998 Alicia Keys gav ut ein modifisert versjon av songen kalla «Little Drummer Girl» på julealbumet Jermaine Dupri Presents Twelve Soulful Nights Of Christmas. Det tyske punkbandet Die Toten Hosen gav ut ein versjon av songen på albumet deira, Wir warten auf's Christkind under pseudonymet Die Roten Rosen. Chicago gav ut ein versjon av songen på julealbumet deira Chicago XXV. 1999 Minnesota-bandet Low gav ut EPen Christmas, med ein versjon av «The Little Drummer Boy». The West Wing-episoden «In Excelsis Deo» har ein sekvens med eit gutekor som syng songen under ei gravferd. Denne episoden vann fleire Emmy-prisar. Den svenske artisten Carola Häggkvist spelte inn songen i ein duett med Blues for julealbumet hennar, Jul i Betlehem. Ringo Starr gav ut ein versjon av songen på det tolvte studioalbumet hans, I Wanna Be Santa Claus.