Rammun (arabisk skrift رمّون) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 12 kilometer aust for Ramallah og tre kilometer sør for Taybeh. Andre byar i nærleiken er Deir Dibwan i sørvest, Beitin i aust og Ein Yabrud i nordaust.A bysantinsk Tomb at the Village of Rammun Taha, Hamada. palestinsk antikvitetsdepartement.
Historie og arkeologi Det er funne mosaikk og cisterner frå oltida i landsbyen.Dauphin, 1998, s. 835
Van der Velde meinte i 1854 at Rammun vart staden nemnt i Bibelen som Rimmon, Sela Rimmon. Rimmonklippa var staden der benjamittane flkyta til (Domarane 20:45, 47; 21:13), og der dei heldt seg fire månader etter slaget ved Gibeah.van der Velde, 1854, s. 284
Ein trur òg at han er den Rimmon som er nemnt på Madabakartet, nord for Jerusalem, mellom Bethel og Jeriko.
Det finst ruinar frå bysantinsk tid, krossfarane, ajjubidane, mamelukkane og osmanarane i byen, inkludert mosaikk i moskéen i byen, ei gammal gravgrotte og sanitærgrop. Gravkammeret er datert attende til bysantinsk tid og inneheld keramikklampar, sandalar og krossforma medaljongar.
Osmansk tid I 1596 var Rammun oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 39 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, og vindruer eller frukttre.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja først landsbyen i 1863, og skildra han som ein landsby med 500 innbyggjarar. Han skreiv òg at det var hogd ut mange grotter i kalksteinsfjellet her, og mange vart framleis nytta av gjetarar og flokkane deira. Gamle cisterner var hogde ut i berget. Husa var delvis bygd av gamle materiale, inkludert somme store blokker av tilpassa naturstein.Guérin, 1869, s. 51-53, delvis omsett i Conder og Kitchener, 1882, s. 367Guérin, 1874, s. 215
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Rammun som «ein mellomstor landsby, med cisterner og grotter, tydelegvis ein eldgammal stad. I nordaust var ein djup tank, og sør for denne uthogde graver. Husa står på ei naken høgd nord for ein kupert dal, og er bygd i terrassar.»Conder and Kitchener, 1882, SWP II, s. 292
Det britiske mandatet era I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Rammun eit folketal på 703, alle muslimar,Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 17 while i folketeljinga i 1931, landsbyen had 153 busette hus og eit folketal på 744, framleis alle muslimar.Mills, 1932, s. 50.
I 1945 var folketalet 970, alle arabarar, medan det samla landarealet var 30 043 mål, i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 65 Av dette var 2 338 for plantasjar og irrigert land, 7 181 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 112 medan 61 mål var klassifisert som utbygde område.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 162
Etter 1948 Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Rammun under Jordan sitt styre. Etter seksdagarskrigen i 1967, har Rammun vore under israelsk okkupasjon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rammun» frå , den 22. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Velkomen til Rammun
Kategori:Landsbyar på Vestbreidda