Niran (hebraisk skrift נערן eller ) er ein kibbutz og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen nær Jeriko og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 80.
Niran vart grunnlagd den 18. juni 1971 som ei Nahal-busetjing, eller militær utpost. Han vart demilitarisert og omgjort til ein sivil kibbutz i 1977. Han er kalla opp etter den bibelske byen Naaran.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Niran» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kibbutzar Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1971