Kfar HaOranim (hebraisk skrift כְּפָר הָאֳרָנִים, tyder 'Furulandsbyen'), òg kalla Menora (hebraisk skrift מְנוֹרָה) eller Giv'at Ehud, er ei kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han har vokse saman med Lapid og ligg nær byen Modi'in. Han er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 var folketalet 2 000.
Planlegginga av busetnaden byrja i 1981. Hjørnesteinen vart lagt i 1984 i ein seremoni med den dåverande statsministeren Yitzhak Shamir. Lange kampar i retten over kven som eigde landområde forseinka bygginga, og dei første innbyggjarane flytta først inn i oktober 1997.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kfar HaOranim» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Israelske busetjingar på Vestbreidda Kategori:Busetnader grunnlagde i 1997 Kategori:Mateh Binyamin regionale kommune