Karmei Tzur, eller Carmei Tzur (hebraisk skrift כַּרְמֵי צוּר) er ein fellesbusetnad og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda nord for Hebron i Judeafjella mellom dei palestinske byane Beit Ummar og Halhul. Det nasjonal-religiøse samfunnet har eit folketal på 725 (2010) og er underlagt Gush Etzion regionale kommune. I følgje Osloavtalen frå 1993 mellom Israel og Palestinsk frigjeringsorganisasjon, var Karmei Tzur rekna til Område C under full israelsk sivil- og tryggleikskontroll.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.

Historie Karmei Tzur tyder «Vinrankar (eller olivenlundar) av stein»,The word “kerem”, possessive “karmei”, is used in hebraiske to denote both olivenlundar and vindruer. og vart grunnlagd i 1984 av ei gruppe studentar frå Har Etzion Yeshiva i Alon Shvut, og vart kalla opp etter den nærliggande hashmoneiske og bibelske staden Beth-ZurCarta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.257 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)

Geografi Karmei Tzur ligg like aust for Israel si sperring på Vestbreidda, 8,3 kilometer frå Den grøne linja i Judeafjella nord for Hebron, 22 kilometer frå Jerusalem.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Karmei Tzur» frå , den 14. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1984 Kategori:Religiøse israelske busetjingar Kategori:Gush Etzion Kategori:Gush Etzion regionale kommune