Beit Nir (hebraisk skrift בֵּית נִיר, tyder Nirhuset) er ein kibbutz nær Lakhish i Israel. Han høyrer til Yoav regionale kommune og er eit medlem av Kibbutzrørsla. Han har kring 115 medlemmar.
Beit Nir vart grunnlagd i august 1957 av ei rekkje nybyggjarar frå Hashomer Hatzair. Beit Nir ligg på landområdet til den palestinske landsbyen Kudna, som vart avfolka i 1948.Khalidi, 1992, s. 218 Namnet «Beit Nir» er ei omsetjing av namnet til dr. Bundheimer, ein leiar for sionisme i Tyskland.
Hovudnæringa til kibbutzen er jordbruk og produksjon av mineralvatn og smykke.
Kibbutzen vart slått saman med Gat til føretaket «Ganir», som produserer juice for eksport og sal i Israel. I Israel vert juicane selde under merkenamnet Primor (פרימור).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beit Nir» frå , den 13. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Bilete av Beit Nir
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1957 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1957 i Israel