Omer (hebraisk skrift עֹמֶר) er ein finare by i Det sørlege distriktet i Israel, nær Beersheba. Han ligg langs hovudveg 60, mellom Beersheba og Shoket-krysset.
I 2010 hadde byen i følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) 6 593 innbyggjarar.
Historie mini|venstre|Omer kino og soldatklubb. Omer, som opphavleg vart kalla Hevrona, vart grunnlagd som ein kibbutz i 1949. Dei tidlegare innbyggjarane var demobiliserte Palmach-soldatar. I 1951 vart han ein felleslandsby kalla Eilata. I 1953 vart han grunnlagd på ny som ein felles moshav av immigrantar frå Ungarn og Romania og han fekk namnet Omer. Namnet er basert på eit vers frå boka Tredje Mosebok.
I 1957 flytta innbyggjarane i nærleiken av ma'abarot til Omer. I 1962 fekk han namnet Tomer og vart ein bydel under Beersheba. Sidan 1974 har han igjen vore ein sjølvstendig by og ein forstad til Beersheba.
Pini Badash har vore borgarmeister sidan 1990.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Omer, Israel» frå , den 7. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Tidlegare kibbutzar Kategori:Tidlegare moshavar Kategori:Lokale kommunar i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949 Kategori:1949 i Israel