Rahat (arabisk رهط, hebraisk skrift רַהַט) er ein hovudsakleg beduinsk by i Det sørlege distriktet i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde han i desember 2011 eit folketal på 54 882Population by settlement. Statistisk sentralbyrå (hebraisk)Rahat, city profile (hebraisk) Han er dermed den største beduin-busetnaden i verda, og den einaste i Israel som har bystatus. mini|venstre|Dromedar ved Rahat.

Han er ein av sju beduin-busetnader i Negevørkenen med godkjende planar og utvikla infrastruktur, i lag med Hura, Tel as-Sabi (Tel Sheva), Ar'arat an-Naqab (Ar'ara BaNegev), Lakiya, Kuseife (Kseife) og Shaqib al-Salam (Segev Shalom).Staten Israel. Ministry of Justice, Ministry of Foreign Affairs. List of Issues to be taken up in Connection with the Consideration of Israel's Fourth and Fifth Periodic Reports of Israel (CEDAW/C/ISR/4 and CEDAW/C/ISR/5)

Byen har i alt 33 bydelar. Alle utan om ein bydel består av heilt fråskilde beduin-klanar. Mellom kvar bydel er det ein wadi. Byen har òg ein marknad, offentlege og kommersielle tenester, parkar og offentlege område og fleire moskéar.A beduin welcome

Historie mini|venstre|Arkeologisk stad i Rahat, 1600 år gammalt. mini|venstre|Nabolag og hovudmoskeen i Rahat. Regionen kring byen er formelt eigd av Al-Tayaha-stamma (Al-Hezeel-klanen) og fram til 1972 vart byen kalla Al-Hezeel (arabisk الهزيل) før han endra namn.

I 1972 vart Rahat rekna som ein ny busetnad for beduinar som budde i området utan permanent bustad. Fram til 1980 var Rahat ein del av Bnei Shimon regionale kommune og frå då og fram til 1994 var han ein lokal kommune. I 1994 vart han den første beduinbyen i Israel som fekk bystatus.

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rahat» frå , den 7. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Biletgalleri

Kategori:Byar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Beduinstader i Israel Kategori:Byar i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1972 Kategori:1972 i Israel