Tormod Lislerud () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Degernes som vann ni norske meisterskap i diskoskasting i tida 1965-74. I 1971 sette han norsk rekord med 59,98 meter. Han var medlem av Freidig og seinare Ski Idrettslag.

Aktiv Gjennom tolv sesongar, 1963-74, tok Lislerud tolv medaljar i diskokasting. Han enda opp med ni gullmedaljar, ein sølvmedalje og to bronsemedaljar.

I 1968 flytta han den personlege rekorden til 55,36 m, hans fyrste kast over 55 m. Under eit stemne i Malmö sommaren 1970 kasta han fire gongar over den norske rekorden til Harald Lorentzen på 56,78 m, med høvesvis 56,94 – 57,18 – 57,42 og 56,96 m. Det vart likevel ikkje norsk rekord på Lislerud, ettersom Iver Hole i same stemnet til slutt slo til med heile 59,54 m. Seinare i 1970 forbetra Lislerud den personlege rekorden til 58,02 m.

Den 4. september 1971 sette Lislerud sin einaste norske rekord då han oppnådde 59,98 m heime på Ski. Denne rekorden vart ståande til Knut Hjeltnes i 1975 vart fyrste nordmann med eit diskoskast over 60 m. Då hadde Lislerud lagt opp.

Medaljar i norske meisterskap 1963: Bronsemedalje i diskokasting – 48,67 m 1964: Sølvmedalje i diskokasting – 49,06 m, bakom Stein Haugen (54,05 m) 1965: Gullmedalje i diskoskasting – 52,72 m, framom Ragnar Skautvedt (51,90 m) 1966: Gullmedalje i diskoskasting – 51,04 m, framom Stein Haugen (51,00 m) 1967: Bronsemedalje i diskokasting – 50,08 m 1968: Gullmedalje i diskoskasting – 51,68 m, framom Stein Haugen (50,54 m) 1969: Gullmedalje i diskoskasting – 52,28 m, framom Harald Lorentzen (51,22 m) 1970: Gullmedalje i diskoskasting – 53,56 m, framom Harald Lorentzen (52,62 m) 1971: Gullmedalje i diskoskasting – 56,36 m, framom Harald Lorentzen (52,56 m) 1972: Gullmedalje i diskoskasting – 57,02 m, framom Iver Hole (55,52 m) 1973: Gullmedalje i diskoskasting – 58,40 m, framom Iver Hole (54,78 m) 1974: Gullmedalje i diskoskasting – 56,18 m, framom Knut Hjeltnes (55,70 m)

Kjelder Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971 friidrett.no

Kategori:Norske diskoskastarar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Rakkestad