Anna Birjukova, fødd Derevjankina, () er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sverdlovsk. Ho vart verdsmeister i tresteghopp i 1993 og europameister året etter.

Aktiv Birjukova vann gullmedaljen då ho under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart hoppa 15,09 meter og sette ny verdsrekord. Det var fyrste gongen ei kvinne hoppa 15 meter i tresteghopp. Året etter vann ho også gullmedaljen i tresteg under friidretts-EM i Helsinki, fire centiemter framom landskvinna Inna Lasovskaja. I VM 1995 i Göteborg vart ho nummer tre i ei tevling der Inessa Kravets tok over verdsrekorden etter å ha landa på 15,50 meter, gjeldande verdsrekord i tresteghopp også i 2015. Birjukova oppnådde 15,08 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje - 15,09 m, framom Jolanda Tsjen (14,70 m) EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje - 14,89 m, framom Inna Lasovskaja (14,85 m) VM 1995 i Göteborg: Bronsemedalje -15,08 m, bakom Iva Prandzjeva (15,18 m) OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (14,19 m =nr 13)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anna Birjukova» frå , den 28. august 2015.

World Athletics

Kategori:Russiske tresteghopparar Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Folk frå Jekaterinburg