Gibton (hebraisk skrift גִּבְּתוֹן, tyder Finke) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Rehovot og høyrer til Brenner regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 299.

Han vart grunnlagd i 1933 som eit ledd i ein plan om å opprette små jordbrukssamfunn kring større byar, for å hjelpe til å forsvare dei mot arabaropprøra. Han vart kalla opp etter ein gammal by i området til Dan-stamma som er nemnt i Tanakh: Josva 19:44. Då Rehovot vart utvida etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart moshaven ein enklave innafor grensene til Rehovot.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gibton» frå , den 9. juli 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1933 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:1933 i Palestina