mini|Gravhaugen Maeshowe

Maeshowe er ein forhistorisk gravhaug på øya Mainland i Orknøyane i Storbritannia. Gravkammeret i haugen er datert til yngre steinalder, venteleg bygt mellom 3100-2800 f.Kr. Maeshowe er ein del av verdsarven Heart of Neolithic Orkney, som sidan 1999 har vore med på UNESCO si verdsarvliste.

mini|venstre|Inngangen til gravkammeret mini|Runer frå nordveggen i gravkammeret

Maeshowe er sju meter høg og trettifem meter i diameter. Inn til gravkammeret i haugen går det ein 11 meter lang, steinsett passasje i form av ein låg gang. Kammeret har inngangen plassert slik at solstrålane frå den nedgåande sola ved vintersolverv skal nå inn i passasjen og lyse opp det indre kammeret. Byggjinga av haugen, med ytre voll og vassgrav rundt, reknar ein med vart avslutta rundt 1500 f.Kr.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maeshowe» frå , den 8. juli 2015.

Kategori:Verdsarv i Storbritannia Kategori:Orknøyane