Sivert Nikolai Nesbø () er ein norsk forfattar og leiar for Den norske Forfatterforening. Han er tidlegare akademileiar ved Skrivekunstakademiet.

Nesbø er frå Førde, og er busett i Bergen. Han har teke årsstudium ved Skrivekunstakademiet i Bergen og debuterte i 2013 med romanen Skårgangar. Han har sidan skrive fleire kritikarroste romanar. Den fyrste barneboka hans, Hauk, kom i 2019, illustrert av Susanna Kajermo. Varme og vatn kom i 2021. Same år kom òg Framom døden, ei omsetjing av William Faulkners As I Lay Dying frå 1930. For denne vart han nominert til Bastianprisen.

Bibliografi Bøker

2025 Høyrer vatn, men ser det ikkje (Red. med Eli Fossdal Vaage) (Bergen: Fagbokforlaget). ISBN 978-82-93312-13-0

I bøker - eit utval 2009 – I: Stille når gruppe : antologi for Skrivekunstakademiet i Hordaland 2009 (Bergen: Skrivekunstakademiet i Hordaland) 2011 – I: Signaler : Cappelen Damms årlige debutantantologi med inviterte etablerte 2011 (Oslo: Cappelen Damm)

Prisar og nominasjonar

Nominert til Bastianprisen 2022 for Framom døden Målprisen 2022, Førde mållag

Kjelder

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Forfattarar frå Førde Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar